tirsdag 12. august 2014

Siste feriedag

I dag stakk eg innom jobben, logga meg på for å kladde ei innkalling og elles orientere meg føre skuleåret.  Det er alltid spennande å følgje elevane i tiande, synest eg.Elles kryssar eg fingrane for eit godt utfall av streiken slik at alle kan få begynne neste veke.

Elles har eg prioritert hagearbeid i dag.  Eg trur eg fylte bærkokaren for 7. eller 8. gong i år.  No har eg rabarbra- stikkelsbær og solbærsylte i kjøleskåpet.  Sjølv får eg ikkje betre frukost enn heimelaga grovbrød og syltetøy.  I morgon vert det nok ikkje det, men ein endå betre frukost på hotellet.  Det er ein svært kjekk oppstart! Det vert kjekt å treffe kollegaene att.

Mannen begynte på jobb i dag.  eg bestemte meg for å koke rømmegraut til han kom heim.  Journalisten fekk seg og eit grautmåltid då han kom heim frå jobb etter ein ekstra lang arbeidsdag.

Frøkna er leiar på friidrettsleikar på banen denne veka.  Ho er heilt utsliten når ho kjem heim.   Eg prøver å legge inn nokre ord om kor travelt og kjekt det er å vere lærar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...