torsdag 7. august 2014

Bok 43: Et helt halvt år


Eg har lese mange anbefalingar av denne romanen.  Den vert omtala som altoppslukande og gripande.  Som de veit er eg ofte skeptisk til romanan med bestseljarstempel, spesielt i USA. Då eg las på baksida, såg eg for meg ein film med Julia Roberts.  Medan eg las, såg eg føre meg boka i bilde.  Ikkje overraskande skal ho bli til film.

Romanen er lettlesen samtidig som den stiller mange viktige spørsmål.  Will sit i rullestol.  Lou er frisk, men lever eit lite spennande liv.  Ho går omtrent ikkje utanfor eit svært avgrensa område. Ho lever og under eit press frå familien.  Dei er avhengige av inntekta hennar. Will har levd eit rikt liv.  Han har reist og opplevd mykje.  Pengar har han hatt nok av.  Overgangen til livet i rullestol er stor.  Lou vert arbeidslaus, men får jobben som ei slags selskapsdame hos Will. Jobben skal vare i eit halvt år.  Etter kvart forstår vi kvifor.  Ein forstår også korleis det vil ende.  

Både Lou og Will sine liv vert endra i møte med kvarandre.  Dei utfordrar kvarandre - og tek utfordringane. Eg har stor sans for skildringane av Nathan, kjærasten til Lou, ogtså kalla maratonmannen.

Eg skal innrømme at romanen opprørte meg. Aktiv dødshjelp synest eg er svært problematisk å forsvare. Samtidig får ein presentert problemstillingar frå andre vinklar.  Bestemmer ein over sitt eige liv? Kor sjuk må ein vere for at livet ikkje er verdt å leve? Kva er eit fullverdig liv? 

Ein viktig bodskap er at ein bør leve livet sitt og gjere det beste ut av det.  Mange går rundt med sperrer og treng å bli utfordra. Ein skal ikkje berre gå dit andre vil ein skal gå, men gjere sjølvstendige val.

Filmen vil nok bli ein suksess!






4 kommentarer:

  1. Eg òg likte denne boka, litt motvilleg. Den set fokus på vanskelege problemstillingar utan å vere overflatisk og altfor sentimental.

    SvarSlett
  2. Spennande!
    Du imponerar stadig med antal bøker du klare å lese.

    God helg!

    SvarSlett
  3. Eg les den no på turen, er koma nesten til midten.
    Fengande så langt sjølv om eg synest kjantringa mellom Lou og systra var noko patetisk..

    SvarSlett
  4. Eg både likte og ikkje likte boka, syntest liksom at det alvorlige problemet var veldig lett behandla. Men kanskje var eg mest skeptisk fordi boka var ein "bestseller". Men det at den er så lettlesen fører nok med seg at svært mange les den og tenker over problemstillinga. Slutten vart akkurat som eg trudde.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...