Då er skuleåret i gang att! Det er ekstra kjekt å møte att kollegaer. Eg fekk høyre at ei facebookoppdatering hadde dei flira godt av, så eg tenkte det får verte dagens.
Når ein er på ferie, trur ein at ein skal skrive så mykje på bloggen når ein kjem heim. Med meg har det lett for å bli utsett til fordel for utpakking, klesvask og anna arbeid som må takst att.
Statusoppdateringa er frå Bond Street. Butikken heiter Victoria's Secret. Den var stappfull med fjortisjenter. Ein stod i vegen same kvar ein stilte seg opp. I tillegg til vanlege kle er der undertøyavdeling og parfymeri.
Ny jobb: Shopping assistant. Det går ut på å
betale ein og ein ting/halde det som er betalt, slik at ein får flest
mogleg rosa nett på kjøpet.
Stilige rosa nett :-)
SvarSlettDet vart ein bra fangst etter kvart!
SvarSlett