mandag 27. mai 2013

Grunnlovsdessert steg for steg

 Eg trur at dessertar laga med potetmjølsjamning hel på å forvinne frå norske bord.  Grunnlovsdessert er ein litt finare variant enn den gammaldagse sviske- eller rabarbrakompotten.  I går laga eg dobbel oppskrift, så hadde vi att til måndagsdessert med mjølk på.  Grunnlovsdessert vert det når ein legg kompott, vaniljekrem og fløytekrem lagvis.
1 pk svisker
4 1/2 dl vatn
300 g rabarbra
2 dl sukker

3/4 dl vatn
1 1/2 ms potetmjøl (= 4 1/2 ts)
 1. Kok svisker og vatn medan du skrellar og kuttar rabarbraen.  Ha i rabarbra og sukker og kok til rabarbraen og sviskene  er møyre.
 2. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn i eit 1/4 dl-litermål eller ein kopp.  Ta panna til side. Hell jamninga i panna i ein tynn stråle medan du rører.
 3. Set panna attende på plata. Desserten er ferdig kokt når den første bobla kjem.
4. Ha kompotten i ei glasskål.  Dryss på 1 ts sukker for å unngå snerk.

Du kan no bruke ferdigkjøpt vaniljekrem eller lage din eigen. I fløytekremen bruker eg 1 ts ekte vaniljesukker til 1 pk kremfløyte.

3 kommentarer:

  1. Grunnlovsdessert er noe jeg ikke er vant med. Rabarbra- og sviskegrøt hver for seg er det jeg kjenner til og liker begge deler like godt. Men, det vå være ekte fløte og sukker på, ikke melk eller melk blandet med fløte. Rabarbraen står så fint her hos oss på hytta nå og om et par uler er de nok klar til bruk. Gleder meg!

    SvarSlett
  2. Eg er heller ikkje van med det. Det var ei venninne som sa eg måtte lage det, og no er vi blitt glade i det! Som du har eg vakse opp både med sviskegraut og rabarbragraut. Kor feit mjølka/fløyten var, varierte nok. Og så var det steinar i sviskene ...

    SvarSlett
  3. Ein har lett for å velge maisenna. Det var ikkje å få tak i før, men no er det i alle butikkar og det toler koking. Ein treng ikkje vere så nøyaktig som med potetmjøl. Men grauten vert matt og trist, ikkje klar og fin som når ein brukar potetmjøljamning.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...