lørdag 25. februar 2017

25. februar

 Det er alltid litt blanda kjensler når ein ferie er slutt.  Vi valde å vere heime i år, mest på grunn av kjøkenet.  To prøvebunkar ligg ferdig retta i veska.  Det er ei god kjensle. Eg har vore to turar til Ørsta. far min er no på rehab på Ørstaheimen.  Han er relativt bra.  Heldigvis har han einerom og TV. Det er mykje vintersport å sjå for dei som er interesserte.

Elles har vi vore i Ulsteinvik fleire turar.  Nytt bord er bestilt.  Eg kjøpte ein duk på Princess for å skjule den gamle furuplata.  Det eine dreg med seg det andre. På Floriss her hadde dei tilbod på orkidéar. Før oppussinga kasta eg ein del gamle.
Elles held eg på å gjere meg kjend med den nye steikeomnen.  I går bakte eg med tørrgjær.  Det tok si tid.  Elles må eg venje meg til at komfyrtoppen ikkje er nokon god heveplass med tanke på varme frå steikeomnen. Omnen svir ikkje baksten slik den gamle gjorde.  Eg trur temperaturen stemmer betre.

Onsdag var eg på strikkekafé.  Dei som held lokalavisa her, kan lese om det i dagens avis.  Eg får kome attende til boka eg kjøpte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...