torsdag 16. februar 2017

Alltid på jobb!

Tysdag og onsdag denne veka har eg vore i Molde på kurs i regi av Utdanningsforbundet sidan eg er plasstillitsvald. Det var kjekke og lærerike dagar.
 
Det er ikkje så ofte eg kjem meg til ein litt større by.  Og det kan gå månader mellom kvar gong eg er nær Husfliden, og nærare enn frå Alexandra kan ein knapt kome.  Kurset la opp til ein halv time utsjekking i går.  Eg sjekka ut etter frukost for å kunne snike meg bortom Husfliden i den pausen.  Dei som spurde meg om kor tid eg skulle ete frukost, fekk vite om planane.  Ei på min eigen alder slo seg saman med meg medan "ungdomane" ikkje hadde sansen for Husfliden!  Då lurte eg på om dei hadde vore der.  Eg ser alltid mykje flott norsk design der.  Der er mykje fint, men der er ikkje billeg.  Kvalitet kostar.
 
Utanom noko småpjask til meg sjølv kjøpte eg eit kjevle eg skulle ønske eg hadde sist vi baka lefser på skulekjøkenet.  Spesielt når ein skal bake glutenfritt, er det greitt med eit kjevle med belegg.  Prisen er 550 kr om nokon skulle lure.

2 kommentarer:

  1. Så stilig! Rart med det, vert ein livsstil å tenkje jobb enten det er fri eller ikkje :-)
    Kanskje eg må invistere i eit slikt til neste Løfsebaking med systå? ;-)
    Takk for tipset!

    SvarSlett
  2. Alltid kjekt å går rundt i Husfliden og kike på dei
    vakre tinga. Eg går også innom dei butikkane same kva by
    eg er i. Men dyrt, Ja.
    Smart kjevle.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...