torsdag 23. februar 2017

Kjøken del 3: Klart til innflytting

 I går stod kjøkenet klart til bruk.  Eg vaska alle hyller og skuffer.   No har eg tenkt å bruke god tid til å flytte inn tinga som og skal vaskast før dei kjem inn i hyller og skåp.  I det gamle kjøkenet hadde eg ikkje hyller på denne sida av benken.  Der var ei såkalla barløysing.
 Her er mykje likt, berre koketoppen er 80 cm.Der er ulike soner som kan brukast på ulike måtar.  Eg greier å bruke den, men forstår at for å få full glede av alle moglegheitene, må eg lese og studere bruksanvisninga.
 I spisekroken har vi valt eit skap i same treverk som kjøkeninnreiinga.  For å få det lysare og lettare har vi valt glasdører med spotlys som kan dimmast.
 Ein må velje seg nokre smarte løysingar.  Når ein vel noko, vel ein vekk noko anna.  Eg trur fleire med meg tek eit av bossa til vaskemiddel ...
 Oljeskåp/skuffe gjer at ein får oljeflaskene vekk frå benken.
 I sjalusiskåpet skal te og kaffi oppbevarast.  Det står på ein stad det tidlegare lett samla seg rot.
 Det er mannen som stryk mest her i huset.  Eg insisterte på eit strykebrett i innreiinga slik at han ikkje må bere fram eit brett kvar gong han skal stryke ei skjorte.
 Skåp til Kenwoodmaskina hadde eg før, og det "greier eg meg" ikkje utan.
 Lysrør og lampar er erstatta med desse.

Med på kjøpet fekk eg eit nytt pannesett.  Det passar godt no når eg har fått meg eit ekstra panneskåp.  Eg oppbevarer alle panner med loka på, ikkje i stablar.  Sikkert ein yrkesskade.

4 kommentarer:

  1. Gratulere med nytt kjøken.
    Det ser praktisk ut, og mykje skap og skuffer.
    Dette får du mykje glede av.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med nytt og lekkert kjøken!

    SvarSlett
  3. Takk skal de ha. Ja, dette er vekeleg ei oppgradering!

    SvarSlett
  4. Gratulerer - det er berre lekkert!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...