søndag 5. februar 2017

Kom deg ut-dagen

Eg har vore heime åleine i helga.  Det bruker eg ikkje å annonsere på førehand.  Frukosten vart sein, og til selskap hadde eg nyheitskanalen.  Der fekk vi sjå glimt av ulike arrangement på Kom deg ut-dagen. I hovudstaden der mannen har vore, kunne vi sjå snø.

Her hos oss har sola skine frå skyfri himmel.. Eg gjekk den vanlege turrunden rundt Grimstadvatnet. 
I dag hadde eg ein ny krimroman på øyret, "Naboparet".
Noko av det eg funderte på i dag, er korleis her vil sjå ut om 10 år.  Vil her vekse opp furuskog?  Sidan det er eit naturreservat, vil vel skogen få vekse heilt naturleg+

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...