fredag 17. februar 2017

Kjøken del 2

Denne veka har kjøkenet vorte montert.  I dag vart det lagt fliser og siste listene kom på.  No skal rørleggar og elektrikar få legge siste hand på verket, så neste onsdag skal det meste vere gjort.  I ferien skal vi finne bord og gardiner mellom anna.  Eg får vise litt etter kvart.  Overskiktbilde får kome når kjøkenet er ferdig, og eg får nokonlunde fotolys.
 Mange val skal takast.  Eg ser vanlegvis fort kva eg synest er finast.  det einaste eg hadde bestemt på førehand, var at eg ville ha glatte eikedører.
 Elles hadde eg fått høyre av ei venninne at ho angra på at ho ikkje tok lys benkeplate, for den mørke samlar støv.  No gler eg meg verkeleg til å bake på steinplate!
For å få godt arbeidslys, valde eg og kvite fliser.  Det er berre på bildet at benkeplata ser gul ut.

Desse tre vala var dei viktigaste.  Framhald vil følgje ...

2 kommentarer:

  1. Så spanande med nytt kjøkken! Vårt blir 30 år til sommaren og må også gjerast noko med snart. Blir kjekt å sjå bilde av kjøkkenet når det er heilt ferdig!

    SvarSlett
  2. Satsar på at alt er klart til inflytting onsdag.
    Elles greitt å pusse opp kjøkenet når det er berre to som bur her. Vi toler å leve spartansk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...