Når middagen er mager, smakar det godt med ein mettande dessert. På skulekjøkenet serverer vi semulepudding etter seibiff. Det er norsk tradisjonsmat. I dag serverte eg denne etter oksekarri. Det er kanskje stilbrot?
Ein kan sjølvsagt lage semulepudding etter oppskrift på pakken. Men den er utan egg. Slik er mi oppskrift:
2 l mjølk
2 1/2 dl semulegryn
4 eggeplommer (ev. 2 egg)
4 ms sukker
6-8 dråpar mandelessens (ev vaniljesukker)
1. Kok graut av mjølk og gryn.
2. Bland egg og sukker i ei lita skål.
3. Ta panna til side og ha i egg/sukker. Set det så vidt attende på plata.
4. Ta til side igjen og ha i mandelessens.
Server med raud saus.
Raud saus
¾ dl raud saft
1 ¼ vatn
1 ts potetmjøl
- Bland alt kaldt saman i panna. Rør til det kokar opp.
- Hell sausen i ein mugge.
P.S
Observante blogglesarar ser kanskje at eg har kjøpt med same skål som Strikkemor(o). I dag har eg fått testa ut at skåla rommar ca 2 l.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar