mandag 14. februar 2011

Immerse yourself ...

I dag stakk eg innom biblioteket og fann ei bok eg ikkje hadde lese før.  På Prix styrte eg unna alle kupp, og let meg berre freiste av ein tesort eg ikkje har smakt før.  Som kjent er eg ingen stor tedrikkar, men skal eg rette ein bunke stilar, så går det unna med te til.  Denne kom eg nesten i julestemning av.

Elles registrerer eg at Valentinfeiringa har kome ned på eit greit nivå.  Der var ingen krav om kortlaging verken i engelsk- eller norsktimane.

2 kommentarer:

  1. Boka, På vei til en venn, har eg lese to gonger. Ei nydelig bok. Forresten er denne forfattaren, som er gift med Linn Ullmann, ein av dei som får altfor lite merksemd, samanlikna med andre norske skribentar av langt dårligare kvalitet.Ja, det er jo mi objektive meining då.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...