søndag 13. februar 2011

Morsdagsgåve

 Eg bruker ikkje å skrive ønskjelister eller uttrykke sterkt kva eg ønskjer meg verken til jul eller fødselsdag, og i alle fall ikkje til morsdag.  Ok då, så var eg vel svært interessert i innslaget om Retromasker, den nye strikkeboka som fekk mykje god reklame på Frukost-TV ein gong i veka som var.  Bokhandelen var allereie utseld. Denne boka kunne eventuelt byttast inn seinare.  No er eg ikkje den som byter gåver utan at eg har svært gode grunnar for det.  Og denne boka er flott!
 Her er mange klassikarar, mellom anna Mariusgenseren.  Eg synes den er fin med vrangbord.
 I tillegg finn ein nye mønster.  Anlen si kan de sjå her.  
 Årets VM-genser.
Sist, men ikkje minst, finn ein tilbehør som hanskar,vottar, huer, panneband og halsar.

Sjølv kjem eg nok berre til å strikke litt småtteri.  Desse mønstrene går ikkje av moten.  Ei bok vert tatt vare på.  Ein rotar ho ikkje så lett vekk som små strikkehefte.

3 kommentarer:

  1. Det var ei morsdagsgåve etter mitt hovud:)

    SvarSlett
  2. Eg fann att mi strikkebok med gamle norske mønster då eg rydda datarommet. Likar dei klassiske strikkemønstera-men kva hjelper det når ein ikkje kan strikke.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...