torsdag 24. februar 2011

Mållagsmøte

I dag har eg vore på mållagsmøte for å lære om forslaga til ny nynorsknorm.  De kan lese meir om dette på språkrådet si side.

Det var interessant å få høyre om arbeidet dei har gjort, ikkje minst om tankane bak forslaga.  Dei har tatt utgangspunkt i kva nynorsk som vert skrive.  Svært få nynorskbrukarar har til dømes nytta mye og noen.


Men framleis heiter landet vårt Noreg. Nemnda hadde ikkje fått mandat til noko endring av eit så viktig symbolord.  Men eg tek ikkje fram raudepennen.

4 kommentarer:

  1. Eg skriv kosekvent Norge, og har ingen planar om å forandre på det. Eg fikk lov til det då eg studerte for 25 år sidan, og det er ingen grunn til å ha to namn på landet vårt.Dei fann den tida ut at det var kun ein kommune i Norge der folk sa Noreg.
    Eg skulle ha vore på møte i Mållaget på mandag, men sidan eg skulle på møte dagen etter og heller ikkje var så bra, skulka eg. Men viss dei skal tilbake til meir antikvarisk nynorsk, då protesterer eg, for alt det er verdt.(Det er sikkert ikkje så mykje)

    SvarSlett
  2. Nei, dei har tatt vekk antikvariske former og ubrukte former. Elles vil dei tillate meir hokjønn ...

    SvarSlett
  3. Håper dei ikkje tek omsyn til alle sunnmørske hokjønnsord-det høyrest fælt ut i andre sine øyre å seie ei heis, ei krus, ei garasje,ei familie osb. Ei klasse kan eg gå med på.

    SvarSlett
  4. Ei klasse og ei maskin er no lov.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...