onsdag 2. februar 2011

Coop-kupp-kombinasjon II

 Ja, då er det ny månad og nye dealar.

"Det er skilnad på å bli lurt, og å la seg lure", var dagens motto på jobb i dag.  Når det gjeld tilbod, så inbiller eg meg at eg let meg lure.  Resultatet vert at eg kjøper, eller får attpå, matvarer som eg elles ikkje ville ha kjøpt, som til dømes dette pizzadeigpulveret.
I dag bestemte eg meg for å lage kyllingform med brød attåt.  Oppskrifta finn de her på gamlebloggen min. Der er og link til kvitløksbagettar.

I dag laga eg pizzadeig etter oppskrifta på baksida og kjevla ut deigen. I staden for skikkeleg kvitløkssmør, hadde eg på flytande margarin og Cemo kryddersmørkrydder.
Brødet fekk ikkje heve så lenge, for eg sette frøkna i sving med steiking av kjøtdeig og skrelling av gulrøter (i staden for skvåsj i dag)medan eg woka grønsaker.
Lasagnesaus på glas sparte meg for ein prosess.  Smakte godt gjorde han og.  Dette var høveleg mengd mat til fire.  Konklusjonen får bli at dette er gode og lettvinte løysingar etter ein travel dag på jobb.

2 kommentarer:

  1. Beklagar, men eg legg ikkje merke til slike tilbod. Så har eg ikkje så mange munnar å mette heller, og likar ikkje så godt å lage mat som du.

    SvarSlett
  2. Nei, du er vel ikkje Prix-kunde ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...