torsdag 10. februar 2011

Eg har fått kritikk ...

... for å reklamere for halvfabrikata og spreie løgner om at potetmospulver inneheld E-stoff.  Driv eg og seier opp jobben?  Skal ikkje all mat lagast frå grunnen av?  

I dag kunne fleire av kollegaene mine fortelje at dei hadde ete potetstappe og kjøtbollar til middag i går. Sjølvsagt må nokon kome med vittigheiter.
I dag har eg brukt fleire timar i frisørstolen.  Så familien hadde funne seg middagsrestar.  Ei skål med tacokjøtdeig og litt salat stod att.  No er alle ute og trenar, så eg planlegg å overraske dei med "tacopizza" til kvelds. Pizzabotnen er laga frå grunnen av.  Elles gjorde eg det enkelt med å smørje på eit lag med tomatpuré som eg krydra med pizzakrydder.  Resten ser de vel. Eg tenkjer eg slepp å sitje att med restar av restar!



3 kommentarer:

  1. ALL mat skal ikkje lagast frå grunnen av, og ikkje veit eg kor skadelige E-stoffa er.Der manglar eg kunnskap.Det eg veit er at mange har dårlig tid i kvardagen, og må ty til lettvinte løysingar.Det som ville vere hjelp for dei som er i tidsklemma, var om ein kunne få kjøpe heil-og halvfabrikata til rimelige prisar.Og at desse produkta var relativt sunne.

    SvarSlett
  2. Syns du er flink til å tipse eg..
    Ha god helg!

    SvarSlett
  3. Takk for det. Eg synest det er artig å prøve ut nye produkt. Vi set oss ofte ned og pratar litt før vi går kvar til oss, og då er kva ein skal ha til middag eit naturleg samtaleemne?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...