Ei lita bruksanvisning på morsdag
Når ein går inn på Windows Media Player, kjem dette bildet opp, eller det skal i alle fall gjere det. Trykk bildet stort om det viser eit lite. No er du på "bibliotek": Du ser det lyser blått oppe. (Det var dette bildet Olaug fann til meg i går. Du kan eventuelt prøve med den berbare maskina?)
No er det "berre" å setje inn CD-en og trykke på Ripp oppe. Rippinga skjer automatisk. CD-ane i går la seg inn med namn. Ofte legg dei seg inn med "ukjent" som her. Då må ein høgreklikke og "gi nytt navn".Resten kan du!
Eg hadde berre gløymt å trykke "stort"-no funkar det.
SvarSlettFlott!
SvarSlett