lørdag 19. februar 2011

Baking for born

Som gammal speidar liker eg å vere budd.  Sidan eg er så heldig at eg skal få kome på kurs med bakemeisteren, har eg lånt denne bakeboka for born i alle aldrar.  
Dette svært enkle brødet såg eg demonstrert på Frukost-TV.  Eg fekk lyst til å gjere eit forsøk.
Eg hadde i det tørre først og væska på toppen.  Gjæren smuldra eg i og let dette få stå litt til eg rørte rundt.  Eg ser ikkje nokon grunn til å røre gjæren ut i litt av væska i ein kopp t.d.  Då vert der berre liggande att.  Gjæren løyser seg alltids opp!
 Konsistensen skulle bli som havregraut.  Det er müsli i brødet.  Der tok eg ein rimeleg X-tra, og så spanderte eg nokre rosiner ekstra.  Her får folk ta det dei liker.
 Brødet skulle først steike ved 100 grader og så på 180 grader.
 Mi vurdering:
Brødet mitt vart litt klissete.  Men smaken var god.  Eg meiner dette brødet høver best for små born.  Det skulle ikkje vere noko problem å doble oppskrifta og lage bilde av ingrediensane og dl-mål.  Då treng ikkje bakaren å kunne lese.

Til vaksne vil eg halde fram å anbefale dette brødet frå vaksenboka som eg har ståande i omnen no.
(7. Mars: Denne siste setninga er eit typisk eksempel på som-feil. Sjå kommentarfeltet.)

2 kommentarer:

  1. Hei! Eg heiter Marit Runde Waaler og er tidlegare elev av Øystein, mannen din (min mann heiter også Øystein forresten :-)). Eg fann bloggen din via Øystein si FB-side, og sidan eg er nysgjerrig av natur og i tillegg akkurat har byrja å skrive blogg sjølv, tenkte eg at eg ville lese litt. I likskap med deg og Øystein er eg óg lærar, men ikkje i norsk. Eg kunne kanskje ha vore det, for eg er veldig glad i språk. Hadde likevel mest lyst å studere engelsk, og det gjorde eg. Å skulle rette både norsk og engelsk terminprøver hadde tatt livet av meg, og mellom anna derfor måtte eg velje vekk norsken. Men kvar vil eg med alt dette? Jau, det var berre det at eg måtte le litt då eg las den siste setninga i innlegget ditt, og eg kunne nesten ikkje tøyse med deg før du visste litt om kven eg er. Derfor denne lange introduksjonen! Du skreiv:

    "Til vaksne vil eg halde fram å anbefale dette brødet frå vaksenboka som eg har ståande i omnen no."

    I det siste har eg nemleg vore veldig opptatt av kommareglar, og eg lurer på om eg driv og rettar kommafeil som kanskje ikkje ER feil. Du er nok ei dame som har kontroll på det meste, men det eg lurer på, er: Lever du så farleg som det eg trur denne setninga antyder, eller er det eg som ikkje kan kommareglane? Skulle ikkje det eigentleg vere eit komma etter vaksenboka der? Dersom det er BRØDET som skulle vere i omnen, meiner eg?

    Ein annan ting eg lurer på, er om du har lese 10 bøker i år. Bok 10, står det i bloggarkivet til høgre. Wow, seier eg då!

    Trur forresten eg skal tipse mora mi om bloggen din. Ho er også opptatt av språk, og ho likar å lage mat.

    Håper du ikkje tek noko av det eg har skrive ille opp. Synest forresten innlegget ditt om å holde koken var morsomt også! Eg er lærar på 10. trinn eg også!

    God natt og hels Øystein!

    Vennleg helsing Marit

    SvarSlett
  2. Eg skreiv ein kommentar som datt vekk. Nettet er ikkje til å stole på i London. Feilen min er klassisk! Ein vert ofte blind for det ein skriv sjølv. Eg anbefaler å blogge!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...