torsdag 3. februar 2011

Hund i hjarte

Eg får legge ut litt informasjon i tilfelle røynde strikkarar kikar innom:
Vottane mine strikka eg på pinnar 2,5 i finullgarn frå Rauma.  Til brotet brukte eg strikkepinnar 2,5.  Vottane vart litt små sidan eg strikka fast, så til neste par vil eg eventuelt bruke pinnar nummer tre. Hjartet her eg brodert på med strikkesting.

Det vil vise seg kven som skal få vottane.  Yngstejenta skal få prøve dei først, men ho må ikkje ha for høge forventningar.  Eg er redd dei er for små.

7 kommentarer:

  1. Ingen røynd strikkar, berre imponert over kva folk klarer..
    Kjekt med oppskriftene du legg ut..
    Må prøve noko i helga om forma vert betre..

    God helg!

    SvarSlett
  2. Du har verkeleg kome i gang med vottestrikkinga. Veldig fine er dei!

    SvarSlett
  3. Eg har funne ut at dette er handarbeid for meg. Helst bør det vere litt innvikla mønster, for då strikkar eg saktast.

    SvarSlett
  4. Til orientering: eg har bursdag 20. juni :-)

    SvarSlett
  5. Eg har begynt på eit par til februarbarnet, så får vi sjå om interessa held seg oppe ,-)

    SvarSlett
  6. Kjempefine votter. Var det du som snakka om grønne plener? Det kom jo det snøveret i kveld

    SvarSlett
  7. ja, veret er skiftande. No blæs det opp!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...