Arto Paasilinna har sin eigen måte å fortelje på. Språket er frodig, og forteljinga tek dei merkelegaste vegar. Ein kan lese forteljinga som ho står, men ein kan og lese mellom linene.
Den ytre forteljinga i denne boka er kort sagt at den finske guden sender sonen sin til jorda for å omvende finnane til deira opprinnelege gudetru. For å frelse verda, må sonen bli menneske og gjere under. Som gruppe som treng å legast, vel han seg dei psykiatriske pasientane, eller dei galne.
Slik eg opplever boka, så bruker han denne forteljinga til å sparke litt i aust og vest. Etter mi meining er her ein god porsjon samfunnskritikk.
Eg har sansen for forfattaren, men no skal eg ta ein pause. Det kan bli for mykje om ein les bøkene for tett.
Eg har lese dei fleste bøkene til Paasilinna, og dei er alle artige. Men sidan alle er like på ein måte, bør det gå ei stund mellom kvar. Min favoritt(og mange andre sin) er Kollektivt selvmord. Den elskelige giftblandersken er den mest "forskjellige."
SvarSlett