fredag 18. februar 2011

Mammutsal og mammutsal, fru ...

 Fordi eg fortener det, som det heiter, kjøper eg meg ofte noko fint på fredag. I går utforska eg mammutsalet her i bygda, så i dag la eg turen til næraste by. Ærendet var ein tur på dei to senterbokhandelane og på ein blomsterbutikk.  No kom eg heim att med ein del meir.  På ein klesbutikk eg handla litt, var dei gåen etter ein dag med mykje handel.  Eg var vel ikkje åleine om å stikke innom fleire butikkar når det er storsal på den eine.  Desse pottene med løk er så freistande no når det nærmar seg vår.  Etikettane fekk stå på til blogglesarane hadde fått sett dei.
 Juliennejernet fekk eg av Besta førre helg.  I dag kom eg på å ha nokre gulrotstrimlar i salaten.  Til middag hadde vi sei som vart fiska søndag.  Den var nydeleg i løk- og paprikasaus.
Då står det att å ønskje blogglesarane ei god helg!

3 kommentarer:

  1. Hei igjen Solveig:)

    Eg kjenner meg att her.."Fordi eg forjenar det"!
    I dag fortjente eg Wassmo`s Hundre år.
    Mi svigermor er så god å huse oss denne helga då trappa i heimen vår er i ferd med å bli kvit(SMILER:)
    Så roser til ho,blei med ut av Amfi;)

    Kjempe fin blogg,som eg allerie ser at eg kjem til å ha stor glede av.Legg det til blogglista mi.

    God helg♥

    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  2. Slike trykkleifar lagar eg heile tida!
    Det vart handla forskjellig med meg og - og noko av det kjem nok på bloggen etter kvart!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...