mandag 31. august 2015

Karrigryte



Matprat har starta si eiga barneside, Matstart. Eg synest den er svært innbydande.  Der er laga steg-for-steg-instruksar.  Då eg skreiv ut oppskrifta på karrigryte, vart det fem sider.  Eg heiv meg over ein elleveåring og spurde kva ho synest.  Ho himla lett med augene: "Du må no bruke appen".  Sjølvsagt!  Der fekk eg den ..  No har eg planar om å prøve ut nokre oppskrifter heime med tanke på skulekjøken.  Denne retten fall så godt i smak at eg trur den kan kome på bordet oftare.  Eg hadde ikkje honning i hus.  Eg smakte retten med tanke på anna søtstoff, men eg syntest ikkje det var nødvendigPakken min med strimla svinekjøt var på 550 gram.  Elles vil eg vurdere å jamne sausen med ei ms maisenna ein annan gong.  Nedanfor kjem ei forenkla oppskrift.  Her er steg-for steg. born bør kanskje steike i margarin.  Sjølv føretrekkjer eg olje. Ein vaksen kokk greier å skjere grønsaker og steike kjøt omtrent samtidig ...

Eg må og legge til at dette er rimeleg mat.  Ein pakke svinekjøt kostar 30 kroner, og ris er mykje billegare enn poteter for tida.  Berre som eit lite tips til studentane i familien.


1 pakke (400g) strimla svinekjøt

2 gulrøter
1 paprika
1 løk
2 ts karri

 1- 2 ms olje til steiking

1 boks kokosmjølk
2 dl vatn (1/2 boks) vatn
1 hønsebuljongterning
2 ms flytande honning
1 ts salt

4 dl ris

  1. Set på risen.  Kok opp kokosmjølk i ei panne.
  2. Steik svinekjøtet og ha det i kokosmjølka.
  3. Del grønsakene i terningar og surr dei i olje og karri eit par minutt før du har dei i panna.
  4. Ha i resten av ingrediensane og lat retten koke i 10 minutt.

6 kommentarer:

  1. Ja den smaker sikkert godt.
    Tror jeg skal prøve den med kyllingkjøtt
    App har jeg aldri prøvd meg på.
    Har bestemt meg for at tlf ikke skal brukes som data.
    For se hvor lenge det holder, hehe.
    Ha ei herlig uke :)
    .

    SvarSlett
    Svar
    1. Svinekjøt kan erstattast med kylling!
      Sjølv er eg ikkje så veldig glad i kylling, så eg gjer ofte omvendt.
      Men eg synest svinekjøt må koke litt lenger.
      Ei fin veke til deg og!

      Slett
  2. Kjekt med gode tips!
    App ja. Born og unge har meir peiling på slikt enn vi over 50 ;-)

    Fin veke til deg!

    SvarSlett
  3. App er greitt - om ein berre kjem på det ... ;-)
    Ei fin veke til deg og!

    SvarSlett
  4. Synest det var veldig få ingrediensar i den gryta, men karrien gir vel bra med smak? Eg hadde sikkert funne meir å putte oppi, men for barn og studentar er det sikkert ein fordel at det er enkelt. DEI har ikkje fem fulle frysarar.

    SvarSlett
  5. No har eg laga gryta etter steg for steg oppskrifta-eg skulle heller ha sett på det du skreiv, for eg synest grønsakene vart vel mykje kokte. Elle var smaken litt tam, så eg plussa på med litt riven ingefær,bitte lite gram chili, litt meir karri og litt meir salt. No kjennest det bra ut

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...