mandag 17. august 2015

Back to the old grind?

I dag rakk eg omtrent berre å helse på elevane og dele ut bøker til dei. No har eg site i ro og mak og lese gjennom morgondagens engelskpensum. det gjeld å snakke litt engelsk med seg sjølv så ein får snudd hjernen litt.  Temaet er "friendship". Noko av det kjekkaste med skulestart er vel å finne attende til vener ein ikkje har sett på ei stund?

Etter middag gjorde eg meg eit ærend i næraste by.  Eg fann meg nokre krimromanar på biblioteket der som eg håper eg ikkje har lese før.

Frøkna skal begynne på siste året på studiespesialiserande. Eg lova henne å kjøpe nokre skrivebøker.  På bokhandelen fann eg vanlege studentblokker, men og ein annan variant med skiljeark.  Eg meiner det er lurt å investere litt i moglegheiter til å halde orden.  Skikkelege skrivesaker og ein god lekseplass gjer skulearbeidet lettare.  Nokre vil sitte på rommet sitt i fred og ro medan andre okkuperer kjøkenbordet.  Der er folk ulike.

Det vert skrive mykje om skulestart.  Eg høyrer at foreldre er nervøse.  Media tek opp alle tenkelege problem. Sjølv var eg skikkeleg nærvøs ved skulestart.  Innskrivingsdagen sveitta eg i eit par polvottar, hugsar eg.  Men som mor har eg ikkje vore særleg bekymra. Det er ingen vits å ta sorgene på førehand ...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...