søndag 16. august 2015

16. august

Både i går og i dag har det vore litt gråare enn meldt på YR.  I går plukka eg inn nokre hagebær og kokte tilsaman 9 kg syltetøy. I dag bestemte eg meg for å gå meg ein tur rundt vatnet.  På vegen trefte eg ein tidlegare nabo.  Ho passa dei to eldste ein periode.  Eg snudde og gjekk ein runde saman med henne.  Så fekk vi oppdatere kvarandre litt.  Dei to yngste sønene våre trenar litt i lag i Oslo. Tida går fort i godt lag.
 
Middagen her heime skulle vere litt sein, tilpassa ein fotballkamp.
 
Midt i råsa er det eit lite barnebibliotek der småbarnsfamiliar kan ta ein liten rast.  Eit flott tiltak! 
 
I dag har frøkna si siste vakt denne sommaren.  No er ferien slutt for alle.  Det er kjekt når skulane fyllest opp av elevar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...