søndag 23. august 2015

Blåtinden (697)












I går plukka eg hagebær, klipte buskar og luka litt.  Vermeldingane til i dag var fantastiske, så i går planla spurde eg mannen om han ikkje mangla ein Hareidstrimpost.  Det gjorde han.
På Blåtinden er det ei fantastisk utsikt til alle kantar.  I bakgrunnen her ser de Vartdalsfjella.

Vi gjekk opp frå Haddal.

Sidan eg går mykje seinare enn mannen, får han god tid til å fotografere.
Eg brukte 1 1/2 time opp.  Då gjekk eg i roleg tempo.

Eg har fått mange assosiasjonar til Nice denne veka.  Det er så varmt inne at ein må sette opp dører og vindauge.  I dag var her 25 grader då vi gjekk oppover, heldigvis med ein liten trekk. Litt varmare var det nok i Frankrike, men den turen var litt kortare, så ein rakk ikkje å gå seg så varm.
Utsikt mot Hareid? Fotografen let visst mannen skugge for motivet.

4 kommentarer:

  1. Ser dokke har hatt ein flott tur.
    Mannen min snakka stadig om at han vil dit igjen.
    Eg har vore ein gong på Blåtinden, gjekk Bukketroppene og fekk
    skrekken.
    Gjekk dokke opp inst i Haddal ?

    SvarSlett
  2. Klungsdalen opp og Ringstaddalen ned.
    Bukketroppene har eg gått ein gong nedover.
    Det freistar ikkje til gjentaking. Eg nektar å gå der med elevar.
    Slike stader har eg heilt nok med meg sjølv.

    SvarSlett
  3. Ser at dere har hatt en herlig tur, takk for titten!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...