lørdag 29. august 2015

29. august

I dag hadde eg ikkje så mange planar. Det er greitt å sjå veret an før ein bestemmer seg.  Eg fekk fylt saftkokaren før det begynte å regne.  Eg plukka og nokre stikkelsbær for å prøve ei oppskrift i den raudruta kokeboka. 

I går tok eg meg ein tur til næraste bygd for å sjå etter kle.  Vanlegvis kjøper eg meg nye kle til skulestart, men av ein eller annan grunn vart det ikkje med meg i år. Kanskje var det fordi eg rydda kle rett før og ikkje fann behovet skrikande?

Far min hadde akkurat kome heim frå fisketur med makrellfangst i går då eg kom opp i Starevegen.  Makrellen vart kokt i går og servert i dag.  Eg bruker ei oppskrift på "sylta" makrell i den blåruta kokeboka.  Karane likte godt dagens dessert, men eg har planar om å utarbeide ei litt betre oppskrift før eg legg ho ut på nett. Så ærleg får ein vere!

Neste veke skal eg lære elevane å lage syltetøy.  Det er alltid like kjekt! Eg bruker og å reklamere for å ete hagebær. Dei er proppfulle av vitaminar.  Det er både sunt og godt å ete dei rett frå treet. I tiandeklasse er det eit rim i engelskboka med "gooseberry". Vi fann og namna på dei andre vanlege bæra som ei lita ekstraoppgåve.

I går fekk eg og låne ein film "Fasandreperne" som eg gler meg til å sjå!

4 kommentarer:

  1. Fint at elevane får lære å bruke bær.
    I dag var eg i Kaldholen og åt av store fine solbær i treda.
    Kjenner C- vitaminane arbeida i kroppen :)

    SvarSlett
  2. Kjekt når ein kan ete fersk fisk rett frå fjord, elv eller vatn. Og ikkje minst å få ete bær rett frå trea eller bruke dei til dessert utan at dei har vore innom frysaren.

    God helg!

    SvarSlett
  3. Det er ekstra godt å kunne lage mat av ting en selv har henta fra naturen.
    Om det er kjøtt, fisk, bær el grønnsaker.
    Her har vi snart plukka alle bærene på bærbuskene. Men har noe stikkelsbær igjen.
    Hva slags god dessert var det du hadde laget? Må finne på noe
    godt med stikkelsbærene. Kanskje det går ann å lage is av den også.
    Ripsisen var i hvertfall god.
    Ønsker deg ei riktig god uke :)

    SvarSlett
  4. Eg vart ikkje heilt fornøgd med stikkelsbærkompotten min som eg fann oppskrift på i den raudruta kokeboka. Men vi la den lagvis med krem og vaniljekrem som vi gjorde med rabarbrakompott. Eg må nok ha meir vatn og litt potetmjøl i kompotten.
    I dag har eg plukka i saftkokaren igjen. Det minkar, men her er både rips og stikkelsbær att.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...