Frå coveret:
En roman hentet fra politiets hverdag - en rå verden fylt av kynisme, intriger og maktkamp. En gråkald kveld i november hopper en amerikansk journalist fra 15. etasje i studenthjemmet i Stockholm hvor han bor. Selvmord, slår politiet fast i rapporten. Mannen var dessuten så hensynsfull at han etterlot seg et brev, et svært poetisk selvmordsbrev riktignok: - Jeg har levd mitt liv mellom sommerens lengsel og vinterens kulde... Men politiinspektør Lars Martin Johansson ved Rikskriminalen klarer ikke å slippe saken. Det er noe som ikke stemmer, mener han. "I en helt egen divisjon i svensk krimlitteratur." Helsingborg Dagblad.
Eg bestemte meg for å begynne å lese bøker av denne forfattaren fordi eg såg han på Skavlan, og forstod då at eg hadde gått glipp av noko.
No synest eg det er vanskeleg å skrive noko om romanen. For det første har eg brukt lang tid på den, og for det andre så begynte eg midt inne i ein serie. Persongalleriet vart noko vanskeleg for meg.
At forfattaren skriv godt og har stor innsikt i det han skriv om, er det ingen tvil om. Han har ein slik skarp penn som eg liker. Så eg får sjå om eg ikkje skal prøve meg på fleire romanar etter kvart. Eg har eit par liggande.
Viser innlegg med etiketten romanar 2012. Vis alle innlegg

søndag 30. desember 2012
søndag 16. desember 2012
Bok 57: Paganinikontrakten
Ein generaldirektør med ansvar for svensk våpentransport, vert funnen hengd i heimen sin. Samtidig vert ei ung kvinne funnen drepen i ein fritidsbåt. Men er rett kvinne tatt av dage. Søstera hennar og mannen vert jaga rundt på ei øy av ein såkalla problemløysar, altså ein profesjonell leigemordar.
Tittelen Paganinikontrakten spelar å inngå ein kontrakt med djevelen, noko personar i boka vert tvinga til. Men kven er djevelen? Og kva driv han med?
Eg likte denne krimboka som actionkrim. Politisk krim er i utgangspunktet ikkje den type krim eg liker best, skal eg innrømme.
Det vil ikkje forundre meg om denne også vert filma. Terningkast 5 frå meg.

søndag 2. desember 2012
Bok 56: Svik
Dette er den tredje romanen med journalisten Kajsa Coren. Eg har sjølvsagt lese dei andre to.
Ein tysk mann vert funnen drepen i ein båt på fjorden. Etter kvart kjem det fram at dette drapet har samband med noko som skjedde under krigen.
Krimgåta er greitt oppbygd, synest eg. Vi får og vite passeleg mykje om privatlivet til Kajsa. Eg får assosiasjonar til Liza Marklund sine bøker, men Kajsa vert noko ordinær samanlikna med Annika. Det er nok meir truverdig.
Det at hendinga er lagt til Sunnmøre, er sjølvsagt artig. Politiet kjem frå bygdene her omkring, og ein tek ferje til Hareid.
Språket i romanen er eit heller konservativt bokmål, noko eg meiner ikkje kler historia. Valet av opplesar gjer det heller ikkje betre. Ingen heiter Råbbert på Sunnmøre! Elles legg ho ofte trykk på feil staving i setninga, meiner eg.
Likevel; kjem det fleire bøker, så kjem eg nok til å lese dei.

fredag 23. november 2012
Bok 55: Den siste gode mann
Eg ser at denne romanen har fått høge terningkast. For meg handlar det kanskje om at eg rett og slett ikkje liker sjangeren.
Les gjerne her, så kanskje de forstår kva eg meiner.
Romanen er absolutt underhaldande. Eg kan sjølvsagt vere med på "eventyr", men føretrekker meir realistiske romanar.

lørdag 10. november 2012
Bok 54: I havet er det krokodiller
Eg fann denne romanen saman med vaksenbøkene på biblioteket, og eg hugsa at andre i familien hadde lese han. Besta meinte den ville høve for yngre lesarar. No ser eg at den vert kalla ungdomsroman enkelte stader.
Til skulen bestiller vi kvart år materiell frå tXt-aksjonen som Foreningen 1les står bak. I 8B driv vi no og lyttar til nokre av desse tekstane. Dei er i ulike sjangrar.
I havet er det krokodiller er ei sann historie om den afganske guten Enaiatollah Akbari som må flykte frå heimlandet for å berge livet då han er omtrent ti år gamal. Det er ei lang reise han legg ut på.
Eg likte denne forteljinga svært godt. No vurderer eg å lese/lytte til heile romanen i 8B. Det at ei historie er sann, trur eg kan gjere sterkare inntrykk på unge lesarar!

tirsdag 6. november 2012
Bok 53: Brudd
Då eg såg denne boka på bygdebiblioteket, var eg usikker på om den var ny. Det var den ikkje. Romanen var utgiven i 2007. Eg hugsar godt omtalar av den.
Innleiinga er litt spesiell. Ein mann kjem til forfattaren og vil ha si historie skriven.
Fossum gjer det ho er best til, nemleg å skildre menneske som er sosialt usikre. Av alle bøkene hennar har eg likt Elskede Poona best.
Også i Brudd er hovudpersonen ein mann. Han er kunsthandlar. Brått skjer to uventa ting. Det dukkar opp eit maleri som han fell for. Skal han bruke alle sparepengane sine på det? Så kjem det ei narkoman jente inn i kunstgalleriet for å varme seg. Han gir henne ein kopp kaffi.
Ein blir dradd inn i historia. Dette er ingen krimroman i vanleg forstand, men spennande er den. Om det å dra forfattaren inn i historia på denne måten, er vellykka, vil eg ikkje uttale meg om. Eg bestemte meg tidleg for å "vere med på det". Sjølve historia om Alvar Eide ber romanen åleine.

onsdag 31. oktober 2012
Bok 52: Det som ventet meg
Denne romanen fortel om ei iransk jente,Masoumeh, som veks opp i Iran. Ho vert gifta vekk då ho er 16 år til ein mann som er politisk aktiv mot sjahen. Det hasta å få henne gift fordi ho har snakka og forelska seg i ein ung gut ho ikkje kan få.
Vi får god innsikt i korleis folk tenker om familie og ære. Hovudplagg for jenter vert også tatt opp. Elles er det ein fin balanse i romanen. I det arrangerte ekteskapet er også mannen pressa av sin familie.
Eg synest forteljinga om eit kvinneliv er interessant. Vi følgjer henne frå ho er ung til ho har passert 50. Det vil seie, forfattaren har ikkje vit å setje punktum. Det at ho møter att barndomskjærasten, vert berre hakket for mykje. Ikkje har ho lært av livet heller. Banda andre har lagt på henne, held ho no på sjølv. Dette må kanskje sjåast ut ifrå kulturen. I Iran var romanen for sterk kost.
Masoumed vert ikkje politisk interessert nok etter min smak. Visst får ho studere på universitetet. Burde ikkje det få konsekvensar? Rett nok er ho tøff mot familien sin etter kvart. Det er kanskje summen av små opprør som endrar verda?
Når det gjeld språket i romanen, prøvde eg å vere tolerant. Men her føler ho alt i hjartet sitt. Og så kan ho dø både for det eine og det andre. Språket vert "klissete". Noko av det kan kanskje skuldast kulturskilnader.

tirsdag 23. oktober 2012
Bok 51: Korsbæreren
Eg sleit litt med å kome inn i denne thrillaren. Det var mange personar å verte kjende med, og handlinga skjer i ulike tider og på ulike kontinent. Der er også ein eg-person som ein ikkje heilt veit kven er.
Elvira, hovudpersonen i romanen, får besøk av ein gamal elskar som tilbyr henne, eller banken hennar, gode investeringar. Dette er eit svindelforsøk som ballar på seg. Den japanske mafiaen er involvert.
Då eg først hadde kome inn i konflikten, greidde eg ikkje å legge boka vekk. Dette er ein skikkeleg pageturnar av ein krimroman. Og eg likte løysinga, eller slutten får ein heller kalle den.
Eg har ikkje sjekka om der er fleire romanar med same "krimhelt", ein banksjef til ein variasjon. Det er ein fordel å sleppe å sette seg inn i privatliva til alle personane i ein roman ...

onsdag 17. oktober 2012
Bok 50: En lykkelig mann
Eg har lese fleire bøker av Arto Paasilinna tidlegare. Dette er finst forteljarglede på sitt ypparste.
Ingeniør Akseli Jaatinen kjem til Granbacka for å bygge ei ny bru. Han kjem godt ut av det med arbeidarane, noko borgarskapet ikkje liker. Eit par kvinnehistorier gjer det ikkje betre. Det vert gjort fleire forsøk på å knekke han på ulike vis, men han reiser seg kvar gong. Til slutt er han både fabrikkarbeidar og rådmann.
Det er måten dette vert fortalt på som er genial. Ein kosar seg med den heller naive forteljarstilen. Samtidig er det alvorlege problem han tek opp. Men hemnen mot maktmisbrukarane er søt.

søndag 14. oktober 2012
Bok 49: Siste natt i Twisted River
Eg har ikkje lese bøker av John Irving sidan eg las Hotell New Hampshire på 80-talet. Den romanen gjorde eit sterkt inntrykk.
Når eg no har lese Siste natt i Twisted River, så sit eg att med eit inntrykk av at ingen andre kunne ha skrive romanen. Ein kjenner att fleire typiske trekk. Her er død og ulykker, merkeleg kjærleik og bjørnar. Og forfattaren viser ei fantastisk forteljarevne. Dette er litteratur i særklasse. Han har og fletta seg sjølv inn i historia på ein finurleg måte. Les gjerne meir om innhaldet på Bokkilden.
Om blogglesarane ikkje har lese bøkene, så har dei sikkert sett filmatiseringane av dei.
Ein må setje av tid til lesing av Irving. Eg har hatt denne liggande til ferien, 631 sider eller 19 CD er ei "leseløft".

mandag 1. oktober 2012
Bok 48: Svart elfenben
Skulen vår skal få besøk av forfattaren Arne Svingen. Det vart eit godt høve til å lese minst ein av romanane hans. Eg valde Svart elfenben fordi den vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2005.
Dei to venene, Sam og eg-personen, har vorte kjende i Oslo. Sam har vore barnesoldat i Liberia. Eg-personen er ein norsk gut som har vakse opp i ulike fosterheimar. Saman gjer dei ei kriminell handling for å kunne reise til Elfenbeinkysten for å finne mora til Sam.
På reisa i Afrika møter dei mange utfordringar. Med på reisa har hovudpersonen romanen "Mørkets hjerte". Eg veit ikkje kor mange norske ungdomar i lesargruppa som har sett Apokalypse nå . Etter mi meining er ikkje filmen noko for fjortisar.
Språket i boka er radikalt bokmål. Ikkje alt er etter offisiell rettskriving. Men det er heilt sikkert bevisst. Orda kjem frå eg-personen.
Eit døme er hælvete. Eg bruker å seie at eit sikkert merke dei saklegaste innlegga på facebook er korleis ein stavar helvete (hælvette! hællvette!). De har sett dei?
Eg trur dette er ei bok som kan fenge målgruppa, ungdomar mellom 14 og 18. Det er ein roman som også, eller kanskje spesielt, gutar vil like.
De kan lese utdrag her

fredag 28. september 2012
Bok 47: Saganatt
Frå Bokkilden:
Lundetrilogien er tre romanar i eitt, tre forteljingar frå tre desperate og fordrøymde tiår i nyare norsk historie. Det handlar om korleis vi kom hit, eller korleis vi kom ut av det igjen, eller kva som er igjen av draumen om det livet vi skulle dele. KOM SØNDAG. Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda, og blir lærar på gymnaset. I MORGON ER DET MÅNDAG. Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer OL på Lillehammer. Han vil gjøre ein siste, desperat handling. DEN ÅTTANDE DAGEN. Dei er ulevande og ingen kan sjå dei. Jobben deira er å korrigere feil som har skjedd overalt der sosialdemokratar er innblanda. Dei gjør den jobben som må gjørast i skuggen av sosialdemokratiets lys, ei fjern og døande stjerne. Saganatt.
Eg kosa meg med dei to første delane av boka. Historia om Arvid Lunde som vert rik i jappetida, meiner eg er ei historie som tek tida og personane på kornet. Også møbelhandlaren som sel solide møblar til kundar som han kjenner, er ein kar som vert godt skildra. For meg kunne romanen ha stoppa der. Når dei ulevande, gjenferda(?) av gamle statsministrar, skal ordne opp, vert det hakket for mykje.
Men Frode Grytten skriv og skildrar godt og humoristisk, utan at det tek brodden av det han meiner.

torsdag 20. september 2012
Bok 46: Skinndød
Dette er den første av seks bøker med nettjournalisten Henning Juul.
Ei jente vert funnen steina på Ekebergsletta. Ho har også vorte piska og kappa eine handa av.
Henning Juul er attende på jobb etter sjukefråvere. Han har opplevd å miste sonen i brann, og han har sjølv brannskadar.
Eg ser at romanen har seld godt, og at han har vorte nominert til ein krimpris i England. Sjølv må eg innrømme at krimromanen ikkje akkurat er "my cup of tea", utan at eg heilt veit kva eg skal sette fingeren på. Bakgrunnshistoria til Henning Juul er kanskje betre enn sjølve krimhistoria. Om eg kjem over neste roman, så skal eg kanskje gje han ein sjanse til?

torsdag 13. september 2012
Bok 45: De ensomme
Dette er den fjerde, og til no den siste, krimromanen med Gunnar Barbarotti.
Ein mann fell ut for eit stup. For 35 år sidan fall ei kvinne same staden. Har desse dødsfalla nokon samanheng? Skjedde det noko kriminelt, eller hoppa dei?
Hendingar i fortid og notid vert rulla opp samtidig. Det viser seg at det skjedde noko då seks ungdomar for på ein busstur til Aust-Europa, som fekk alovorlege konsekvensar for dei.
Det skjer også dramatiske ting i livet til Gunnar Barbarotti. Her greier forfattaren å styre unna klisjéar. Som eg har skrive før, har eg stor sans for språket og refleksjonane han. Når Håkan Nesser skal skildre det vi kallar hoftefeste, seier han til dømes: "Hun satte knyttnevene i det som en gang hadde vært en midje". Vi ser henne for oss! Ein kan berre tenke seg korleis ein amerikansk bestseljande kvinneleg forfattar ville sagt det same ...
Eg har høyrt denne lydboka på I-pod samtidig som eg har lytta til Beretningen om herr Roos på MP3. Den siste er lese av ein kvinneleg opplesar. Ho les ikkje dårleg, men det er vanskeleg å "matche" Nils Ole Oftebro. Det er kanskje noko med at forfattaren er ein "eldre" mann, og at bøkene bør lesast av nettopp ein godt vaksen mann?

tirsdag 11. september 2012
Bok 44: Beretningen om herr Roos
Dette er den tredje boka i serien med Gunnar Barbarotti som etterforskar. Gunnar sjølv sit med gipsa fot etter å ha jobba på huset som han, kona og dei fem borna skal bu i. Det har og dukka opp ein kjærast - og svoger Roger. Denne svogeren har mange feil og manglar, men han har praktiske evner i motsetnas til Gunnar Barbarotti.
Ante Valdemar Roos vert skildra som ein svært kjedeleg person. Så kjedeleg er han at han leverer inn same tipperekka som far sin, og det gjer han kvar veke. Då det kom ein til kamp på tippekupongen, heilgarderte han sjølvsagt. Ekteskapet, det andre i rekka, er heller dårleg. Så slår rekka hans til. Han vert millionnær! No kan han leve ut draumane sine.
På sin veg krysser lagnaden hans lagnaden til Anna Gambowska, ei eks-narkoman jente. Dette får uante følgjer.
Dette er nok den hittil mest spennande boka i kvartetten. Det er ei bok av den typen du begynner å sympatisere med dei kriminelle. Og slutten, ja , den er finurleg som i dei andre.
Eg er godt i gang med den fjerde!
Dei fire romanane har ulike lesarar. Eg meiner Nils Ole Oftebro som les denne, les absolutt best!
Barbarottikvartetten:
mandag 27. august 2012
Bok 43: En helt annen historie
Dette er den andre av dei fire krimromanane med Gunnar Barbarotti som eg har sikra meg.
Gunnar Barbarotti mottek eit brev rett før han skal på ferie saman med ho han skal fri til. I brevet står namnet på ein som skal bli drepen. Brevet er frå mordaren. Fleire brev dukkar opp etter kvart. Vi får og høyre om ein ferie der offera er saman i Frankrike. Der vart meir dramatikk enn planlagt. Ei jente dei har med seg på båten, kjem ut for ei ulykke. Dei bestemmer seg for å skjule det som har hendt.
Vi følgjer politiet i deira etterforsking. Og vi følgjer privatlivet til Gunnar Barbarotti som vert meir spennande enn i første romanen.
Som i den førre romanen sparkar forfattaren litt hit og dit. Eg har sansen for måten han ser på det svenske samfunnet med skråblikk. Media får sitt. Også familieforholda vert typiske. Jordmora han skal gifte seg med, har to born som bur hos seg. Eldstejenta til Barbarotti har flytta til London, medan sønene bur i Danmark. Kva skjer med frieriet når alle tre vil flytte til far? (Eg har begynt på tredje romanen.)
Mordgåta er kanskje ikkje så "enkel" som ein først trudde. Tittelen på boka er viktig. Og eg har sansen for slutten.

Bok 42: Tegn til kjærlighet
Av og til les du bøker som du ikkje heilt får taket på. Er det noko eg ikkje har forstått? For meg vart denne ei slik bok. Eg ser ein stad at romanen kan lesast som ein stor metafor.
Eg fann ei bokmelding på nett som eg meiner set fingeren på det som også var mi oppleving av romanen. Blogglesarane får heller legge inn protest!

tirsdag 14. august 2012
Bok 41: Menneske uten hund
Frå å vere ein skeptikar til Håkan Nesser, har eg vorte ein fan. Van Veeteren vil eg rett nok framleis berre sjå på film.
Dette er første av fire bøker der Gunnar Barbarotti er etterforskar. To forsvinningar skjer i ein familie som har samla seg for å feire 105-årsdag. Det vil seie far fyller 65 og dotter 40. Sonen Robert har vore med i ein realityserie på Fangene få Koh Fuk. Her har han gjort skam på seg sjølv og familien på grunn av ...
Ja, her får de lese sjølve. Nesser peikar på mange fenomen i Sverige mellom anna realityseriar. Eg kosar meg med humoren og ironien.
To familiemedlemer forsvinn rundt fødselsdagen. Er der ein samanheng? Kva følgjer får desse forsvinningane for dei andre i familien. Etterforskinga går sakte framover. Noko forstår vi undervegs, andre tin ikkje. Eg synest Nesser skriv litt underfundig. Han har mange interessante refleksjonar.
Som kjent har eg sikra meg dei tre andre bøkene i serien

torsdag 9. august 2012
Bok 40: Salamandergåten
Denne boka vart med heim frå biblioteket rett og slett fordi ho låg feilplassert. Det er ei barne-/ungdomsbok. Det er første bok i ein serie. Eg tenkte dette kanskje kunne vere noko for årets 8. klassingar? Boka er den første i ein serie, så om ein fekk lokka elevar til å lese den første, så kanskje dei vil lese fleire?
Då eg gjekk på barneskulen, las eg min del av seriekrim i form av Bobseybarna og Hardyguttene. Eg forventa noko slikt som at to eller fleire born er smartare enn vaksne og løyser eit brotsverk. Mot slutten kan dei gjerne verte fanga av forbrytarane, men kome seg lause att.
Forventningane vart innfridde. Det var derfor artig å kome over denne kritikken i Dagbladet der dei kallar boka retrokrim.
Eg håper eg får framtidige elevar til å bli glade i å lese. Dette kan vere ei bok på vegen!

tirsdag 7. august 2012
Bok 39: Sommeren uten menn
Denne boka har eg begynt på to gonger, og den siste fullførte eg altså lesinga. Eg trudde romanen var norsk, men forfattaren er amerikansk med norske røter.
Den ytre handlinga er enkel. Mann finn yngre kvinne. Kona får samanbrot. Ung dame blir lei av gammal mann. Kan han få flytte heim?
Men boka er ikkje ein lang klisjé. Forfattaren skriv med ironi og snert.
Sjølv er eg delt i mitt syn på romanen. Eg synest denne bokmeldinga er god.

Abonner på:
Innlegg (Atom)