torsdag 9. august 2012

Bok 40: Salamandergåten

Denne boka vart med heim frå biblioteket rett og slett fordi ho låg feilplassert.  Det er ei barne-/ungdomsbok.  Det er første bok i ein serie.  Eg tenkte dette kanskje kunne vere noko for årets 8. klassingar?  Boka er den første i ein serie, så om ein fekk lokka elevar til å lese den første, så kanskje dei vil lese fleire?

Då eg gjekk på barneskulen, las eg min del av seriekrim i form av Bobseybarna og Hardyguttene. Eg forventa noko slikt som at to eller fleire born er smartare enn vaksne og løyser eit brotsverk.  Mot slutten kan dei gjerne verte fanga av forbrytarane, men kome seg lause att.

Forventningane vart innfridde.  Det var derfor artig å kome over denne kritikken i Dagbladet der dei kallar boka retrokrim.

Eg håper eg får framtidige elevar til å bli glade i å lese.  Dette kan vere ei bok på vegen!

2 kommentarer:

  1. Spennande, det håpe eg òg.
    Det er så viktig at dei les, same kva nesten, berre dei blir glad i å lese.
    Hugsa at då gutane var små var eg litt bekymra fordi dei ei periode berre las Hardy-gutane. Då var det ei klok dame som sa at eg skulle vere glad for at dei las, same kva...
    Og det har dei igjen når dei er vaksne.

    SvarSlett
  2. Einig! Og det er utfordrande å finne noko for ein kvar smak. Eldstemann her las ca 100 Hardybøker. Vi fekk tak i frå antikvariat o.l. til slutt. Han i midten viste lite interesse for lesing, men då Harry Potter-bøkene kom, las han dei først på engelsk og så på norsk etter kvart som dei kom ut. Då gjekk han på barneskulen. Dei to yngste har lese litt av kvart.
    For jenter finst det mange seriar. Det er litt vanskelegare å hjelpe gutane, synest eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...