søndag 5. august 2012

Bok 38: The burning wire

Eg sette meg føre at eg skulle lese denne amerikanske boka på originalspråket.  Og det skulle gjerast i solveggen. Der kunne prosjektet lett ha stranda ...  Heldigvis fekk eg nokre fine timar i Middelalderparken så eg fekk knekt dei siste av dei 500 sidene.

Skurken i romanen drep med elektrisitet.  Han set opp feller som lett kan drepe mange.  Der er fleire detektivar.  Den eine sit i rullestol etter ein skade. Romanen er ein thriller.  Her er spenning til siste slutt.  Eg likte elles godt slutten som også gjeld privatlivet til Lincoln Rhyme.

Forfattaren er kanskje mest kjend for The bone collector.  Eg ser at ein del av bøkene hans er omsett til norsk.  Fordelen med å lese amerikansk litteratur, er sjølvsagt at utvalet er større enn på norsk.  Noko av språket vil også gå tapt i omsetjinga. Eg har sansen for denne skildringa:Fred Dellray found himself looking at a pale skinny man who could have been a waisted thirty or a preserved fifty. 


Det er ikkje noko problem å lese engelsk når ein først er i gang.  Eg synest det er greitt å ha ei ordbok eller ein mobil med "google translate" i nærheita i tilfelle det er eit nøkkelord ein går glipp av. Målet for meg er at ordforrådet vert utvida, og at det passive ordforrådet vert meir aktivt.  Eitt døme igjen: He spun the wheelchair around again, three-sixty, but saw nothing. Det er lett å forstå, men eg visste ikkje at ein uttrykte seg slik.

Eg likte romanen godt.  Her kan de lese dei første sidene. Denne boka eig eg, så folk i nærleiken kan få låne den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...