søndag 26. august 2012

Siste søndag i sommar

I løpet av søndagen har eg hatt tid til å dyrke dei fleste av hobbyane mine frå strikking og brødbaking til lesing og turgåing.  Fjerde sesong av Tudors er sendt frå play.com.  Prisskilnadene var så store at eg tok sjansen på dei att.  Så får vi sjå kva språk den er teksta på.

Menyen i dag var svært enkel.  Han som skal vere vekke denne veka, fekk bestemme.  Så det vart pølsegryte.
 Systera mi har innført omgrepet "vekas Pavlova".
Eg hadde ein knekt botn att i matbuda. Eg knekte den endå meir for å få den til å passe i skåla.  Ingen ser det når desserten vert servert! I frysaren fann eg nokre lettsukra molter då eg rima han av..
To pakkar fløyte gjekk med.  Det hadde sjølvsagt vore fint med nokre molter på toppen.  Desserten fall godt i smak. Det var visst den beste dei hadde smakt.

Eg liker best å la Pavlovaen stå å bli litt blaut, men det er visst feil?

9 kommentarer:

  1. Åh, det såg godt ut !
    Ved påsketider oppdaga eg at det låg ein marengsbotn i matpapir iei pappøskje i spiskammerset på hytta. Laga til jul !
    Eg tok den fram, smakte på den, pynta den og serverte.
    Heilt fin sjøl etter så lang lagring....

    SvarSlett
    Svar
    1. Min og var lagra omtrent slik. Gjekk heilt fint. Den berre tørkar eller held seg tørr.

      Slett
  2. Bringebær med vaniljesaus var søndagens utskeielse her :-)

    din dessert såg herleg ut..

    fin veke!

    SvarSlett
  3. Ingen dessert her. Men i går åt noko is som vi ikkje likte. Denne sommaren kem til å gå over i historia som "Sommaren med Pavlova" (-og skodde). Ei kake som visstnok kan varierast i det uendelige.

    SvarSlett
  4. Mmmm.så deilig dette såg ut..må prøves!Hilsen Else Britt:)

    SvarSlett
  5. Takk for Pavlova-tips! Her i heimen pynta vi med mango, jordbær og blåbær, men eg fekk aldri tid til å ta bilete av den. Ikkje vart det restar heller. Og vi let den alltid stå, så noko av marengsen blir blaut.

    SvarSlett
    Svar
    1. Sikkert herleg! Eg vil gjerne ha vaniljekrem, krem og friske frukter/bær i store mengder...

      Slett
  6. Har laget Pavlova én gang, og fulgte oppskrifta som sa at kaka skulle pyntes rett før servering. Men den var 10 ganger bedre tre-fire timer etterpå da marengsen var blitt litt myk! Så smart å knekke marengsbunnen, det er ikke alltid den får så fin fasong når den blir stekt :)
    Jeg er ikke veldig glad i ren krem, så jeg liker å blande 50/50 krem og vaniljesaus.
    Nei, nå fikk jeg lyst på Pavlova, gitt . . .

    SvarSlett
  7. Ja, eg knuser i veg. Og vi er einige om å la den stå litt ... Sikkert godt med frosen rips, krem og vaniljekrem.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...