søndag 24. september 2017

Vinnarlykke

Det var ein aktiv dag i går.  Etter at eg hadde ordna diverse med flyttinga, som å skaffe proppar til kjøkenvaskane, hjelpte eg til på basar.  Eg tok flest lodd i bøkene.  Der er små vinnarsjansar, men større gevinstar.  Utbytet på årane var heller stort i år.  Det meste forsvann med den nye leilegheitseigaren.

lørdag 23. september 2017

Innflytting

I dag er mellomstemann heime, og vi har hjelpt han med å flytte inn i leilegheita han har kjøpt seg. Onsdag var eg der og vaska skuffer og skap. Sjølv har eg flytta inn i brukte hus tre gonger, og eg har alltid vaska sjølv om folk har vaska når dei flyttar ut. 

Før hadde vi hyllepapir. Torsdag kom eg på at eg skulle stikke innom Princess i Ulsteinvik og høyre etter tilbod på rutete voksdukar.  Der fekk eg nesten sju meter til 30kr meteren! Då vart det nok til kjøkenbordet også. 

Elles var eg svært nøgd med å få komfyr, oppvaskmaskin og kjøleskåp ut frå boda vår. 


fredag 22. september 2017

Bok 37: Broren

«Broren» er en usedvanlig velskrevet, innsiktsfull og spennende roman om to brødre. En intenst spennende historie om svik og mot, og om søskenkjærlighet som drives til den ytterste grense. Og deretter enda lenger. 

Fem år gamle Daniel er rammet av løpende leukemi. Cellegiftsbehandlingen virker ikke og han har maksimun fire uker igjen å leve. Bare en ting kan redde ham: beinmargstransplantasjon fra faren Alex, en norsk elitesoldat som er savnet på oppdrag i Afghanistan. 

Alex sin bror Jonas er tidligere skarpskytter og var også vervet i Afghanistan. Under en militæraksjon skyter han en trettenårig gutt, og blir ikke den samme igjen. Nå drar Jonas tilbake til landet han trodde han hadde forlatt for alltid. Han må finne broren og redde Daniel. Sammen med sin Afghanske veiviser Omaid begir han seg inn i fjellene, blant banditter og rivaliserende talibangrupperinger og en lokalbefolkning som rives mellom sin tradisjonelle gjestfrihet og ønsket om hevn mot utlenlandske okkupanter.


Romanen var spennande og velskriven.  Det kan eg skrive under på.  Eg har lese ein del romanar frå Afghanistan, og eg vert alltid like fortvila over det gjennomkorrupte systemet, eller mangel på system.

torsdag 14. september 2017

Bok 36: Den niende graven

 
En glimrende krim-underholdningsroman fra svenske Stefan Ahnhem. Tenk deg en blanding av Nattsvermeren, Seven og svensk familieangst.

I et vinterkaldt Stockholm har Sveriges justisminister forsvunnet sporløst på den korte veien mellom riksdagen og en ventende bil. Omtrent samtidig blir konen til en kjent dansk tv-personlighet funnet drept i luksusvillaen nord for København.

«Den niende graven» er en intrikat konstruert thriller der Stefan Ahnhem forteller hva som fikk politietterforsker Fabian Risk til å forlate Stockholm og flytte tilbake til Helsingborg. Fabian og den danske etterforskeren Dunja Hougaards spor krysser hverandre i et iskaldt Skandinavia der de dras stadig dypere inn i en konspirasjon som viser seg å være verre enn noen av dem hadde kunnet forestille seg. De tvinges til å konfrontere demonene som lurer i menneskenaturens aller mørkeste gjemmer.

«Den niende graven» er den andre, frittstående boken om Fabian Risk. Det er en intrikat komponert roman som utspiller seg et halvt år før Offer uten ansikt
.
 
Eg les som regel berre på baksida av coveret på romanar før eg les dei.  No ser eg at sjangeren er krimunderhaldning, og det er nok ein god merkelapp å sette på romanen.  Særleg sannsynlege er hendingane ikkje, men underhaldningsverdien er stor om ein liker og toler denne type litteratur.  Av og til får ein lyst å late att øyrene... Pining av folk og fjerning av organ. Eg seier ikkje meir.
 
Det finst to romanar til i serien.  Om eg kjem over dei, kjem eg nok til å lese dei, men det hastar ikkje.

onsdag 13. september 2017

mandag 11. september 2017

Valvake 2017

I dag serverte eg pasta bolognese frå raude gryter til dei som kom for å stemme på Hareid. Eg trur alle gjestene håpte på eit raudgrønt fleirtal, og som kjent har eg serviettar til dei fleste anledningar.

Valet som skulle verte så spennande, vart ganske raskt avklara, viss då ikkje noko heilt uventa skulle skje. Voldingane har reist.  Det er arbeidsdag i morgon.

søndag 10. september 2017

Post 17: Ytrefløvatnet


I dag ville karane trene, så eg tok meg eit par timar på jobb og fekk unna litt førebuing til veka. 

Vi begynte derfor ikkje å gå før halv fire.

På vår veg møtte vi først eigaren, så ein flokk utegangarar.

fredag 8. september 2017

Bok 35: Land ingen har sett


I Edvard Hoems nye bok Land ingen har sett møter vi igjen storfamilien Nesje frå Slåttekar i himmelen og Bror din på prærien. 1800-talet har blitt 1900-talet, verda og slekta er i endring, men kjærleiken er framleis sterk.

Presentert av Ruth Lillegraven, forfattar:
Automobilane har dukka opp, og ein verdskrig ligg på lur. Slåttekaren Knut Nesje er død, og kona Serianna lever åleine. Det er to av sønene deira vi no følgjer tettast. Kraftkaren Eilert lever sitt liv med kona Martha og den stadig veksande ungeflokken i Donalda på Alberta-prærien i Amerika. På den andre sida av det store havet, i Romsdal, bur veslebror Anton Edvard. Sjølv som vaksen klarar han ikkje slutte gruble på kvifor foreldra sende han til den barnlause onkelen og tanta i Hoem då han var liten. Begge brørne prøver skape seg ei god framtid. Men det byrjar gå opp for dei at hardt arbeid ikkje alltid er nok. Verdskrig, uvêr, sjukdom og ulukker - det er mykje ein ikkje kan rå med, mykje å uroe seg over. 

Eit verdshav mellom seg
Mest av alt handlar det likevel om å vere ein son, ein bror, ei syster, ei mor, ein far - og ha eit verdshav mellom seg. Den stolte, strie Eilert tenkjer stadig på å ta ein tur heim, til landet der han trådde sine barnesko. Men stadig kjem eit eller anna i vegen, kanskje mest av alt han sjølv. Alle desse åra går det likevel brev fram og tilbake over Atlanterhavet, frå bror til bror, frå hjarte til hjarte. Vil dei nokon gong sjå kvarandre att?


Og så er det ektepara. Eilert og Martha, Anton Edvard og Beret Anna - og Ole og Gjertine, den noko eigenrådige tanta til dei to brørne. Tre par som får kjærleiken utfordra av livet og alt det medfører av slit og strev og knuste draumar. I opprør over noko ho trur Ole har gjort, legg Gjertine til og med ut på ei lang reise til sonen Severt og hans familie i Canada. Reisa skal kome til å endre henne. Og den sterke lidenskapen både Eilert og Anton Edvard deler med konene sine - kan den også vere farleg for dei?

Ta vare på kjærleiken
Ta vare på kjærleiken, som var han eit barn du bar på armen, tenkjer Martha på eit tidspunkt, og den tanken gjennomsyrar i grunnen heile boka. Edvard Hoem teiknar levande menneske for oss, dei er både store og små, sterke og svake - slik menneska har vore til alle tider. Og nok ein gong maktar Hoem å bruke fortida til å seie noko om vår samtid og framtid, med folk i stadig flyt mellom kontinenta. Dette er bøker som glir så lett og fint av garde, som ei stille elv. Det er nesten så vi ikkje merkar kor mektig det er, det eposet Edvard Hoem her gir oss.


Denne romanen var eg svært glad då eg fann han som lydbok på biblioteket.  Eg liker godt forteljinga, og det er eit ekstra pluss å høyre forfattaren lese sjølv.  Eg gler meg til neste roman! Eg ser romanen har fått terningkast.  Sjølv hadde eg slått til med ein seksar.

onsdag 6. september 2017

Bok 34: And then forever

 Forfattaren Christine De Luca som vi var saman med på Shetland, har gitt ut fleire diktsamlingar. Det er ho mest kjend for. men ho har og gitt ut to barnebøker. I 2011 gav ho ut ein roman som eg var så heldig å få, ikkje minst sette eg pris på den personlege helsinga.
Romanen er kort fortalt to kjærleishistorier.  Katherine møter sin Peter i godt vaksen alder.  Ho har alltid lurt på kva som eigentleg hende då bestefaren hennar var i Canada. Kjærleikshistoria mellom Gilbert og Bridget for litt over 100 år sidan, er det som er mest spennande og interessant å lese.  Ikkje minst meiner eg forfattaren har hatt evna til å sette seg inn i tenkemåten på den tida.  Språket er ikkje spesielt vanskeleg. 

Eg skal ikkje røpe så mykje om handlinga.  Det finst kanskje fleire i familien som kunne tenke seg å lese romanen?

søndag 3. september 2017

Tretoppstur: Post 15 og 16

I dag har vi hatt strålande haustver. Vi gjekk opp på Garnestua til Ringstadhornet der det var ein Hareidstrimpost og tilbake til Garnestua og bort på Flåna der det og var ein trimpost. No har eg berre tre trimpostar att før eg får premiepoeng.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...