søndag 30. september 2012

Fårikål - pepartrikset

 I veka som var kom Mona Halvorsen med eit godt tips til Bent Stiansen som skulle koke fårikål på "Fårikålens dag".  For å få den gode peparsmaken skulle ein legge peparen i vatn over natta. Ho brukte eit litermål medan eg berre tok eit vanleg glas.

Vi hadde fårikål førre søndag også.  Men det som vart til overs, vart ete opp i løpet av kvelden.  Så det vart ingen restar. Vi hadde derfor lyst på ein ny runde i dag.  Sjølv liker eg best nykokt fårikål, men eg er samd i at det er godt med god peparsmak. Og i framtida kjem eg til å følgje Mona sitt råd!

Eit anna spørsmål kom opp: Kor mykje kjøt treng ein til kvar person?  Bent Stiansen meinte 350 g til kvar mann. Det er eg samd i, men 350 g bør ein ha til både kvinner og menn - minst. Mitt kjøt var det i alle fall ein del bein og feitt i.

Når eg skal lage fårikål, bruker eg den raudruta kokeboka.  Sidetalet kan eg i hovudet:328.  Der er ein feil: Ein må doble saltmengda.  Peparmengda er også altfor beskjeden.  I dag brukte eg 1 dl kveitemjøl i jamninga.  Det er passeleg i mi panne.

lørdag 29. september 2012

Vårkveite

Oppdraget i dag er focaccia.  Det startar med gode råvarer.  Eg har inga erfaring med Regal sitt nye produkt Vinjett.  Kveitemjølet skal ha høgt innhald av protein og gluten, og skal eigne seg godt til bagettar.  Så skulle ein tru at det også høver godt til focaccia.
No har eg laga eitt brød med berre rosmarin og salt og eitt med oliven, rosmarin og salt.  Om nokon ser etter oppskrift og tips, kan de finne det her.

fredag 28. september 2012

God helg!

I går kom mor mi med denne flotte planten.  Eg synest den fortener ei fin potte.  Desse kvite glaspottene har eg sett på.  I ein periode har ikke pottene vore tette.  Det har eg løyst med å ha "møbelknottar" under. No synest eg det er freistande å gå over til glaspotter.

Bok 47: Saganatt

Frå Bokkilden:
Lundetrilogien er tre romanar i eitt, tre forteljingar frå tre desperate og fordrøymde tiår i nyare norsk historie. Det handlar om korleis vi kom hit, eller korleis vi kom ut av det igjen, eller kva som er igjen av draumen om det livet vi skulle dele. KOM SØNDAG. Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda, og blir lærar på gymnaset. I MORGON ER DET MÅNDAG. Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer OL på Lillehammer. Han vil gjøre ein siste, desperat handling. DEN ÅTTANDE DAGEN. Dei er ulevande og ingen kan sjå dei. Jobben deira er å korrigere feil som har skjedd overalt der sosialdemokratar er innblanda. Dei gjør den jobben som må gjørast i skuggen av sosialdemokratiets lys, ei fjern og døande stjerne. Saganatt.

Eg kosa meg med dei to første delane av boka.  Historia om Arvid Lunde som vert rik i jappetida, meiner eg er ei historie som tek tida og personane på kornet.  Også møbelhandlaren som sel solide møblar til kundar som han kjenner, er ein kar som vert godt skildra.  For meg kunne romanen ha stoppa der.  Når dei ulevande, gjenferda(?) av gamle statsministrar, skal ordne opp, vert det hakket for mykje.

Men Frode Grytten skriv og skildrar godt og humoristisk, utan at det tek brodden av det han meiner.

torsdag 27. september 2012

Fest i nordvest!

I dag har vore ein stor dag for alle fotballinteresserte i regionen. Øystein hadde ordna billettar til både slekt og vener.

Mor mi og eg såg på kampen frå sofakroken.  Då ein tidlegare elev scora første målet for Hødd, var eg snar å ta fram smarttelefonen for å ta eit bilde frå godstolen for å legge ut på facebook.  Og kven andre enn gode kollegaer viser seg jublande på skjermen!  Som alle no veit, vart det to mål til.  Eg reknar med det kan bli trongt om plassen på hybelen til jusstudenten 25. november!


onsdag 26. september 2012

Hagen i dag

 Eg ser at mange bloggarar på Sunnmøre har vore ute i hagen i går og i dag.  Så eg vart inspirert til å ta meg ei lita hagevandring i eigen hage. Vi hadde litt nattefrost natt til måndag, men dei fleste plantane har tolt det.
 Haustfloks i lilla og rosa.

 Hagegullris.
 Hortensiaen eg fekk av klasse 10A i fjor vår.
 Desse Stargazerliljene kjøpte eg i potte og planta ut etter avblomstring.
 Nokre tek feil av årstida.  Rhododendron i september.
 Desse rosene blomstrar heile sommaren.
 Eg veit ikkje kva denne rosa heiter.  Her går ho under "Coop-rosa".  Eg raska henne med meg då eg kjøpte to halve hekkar i fjor. Veks villeg gjer ho i alle fall.
 Og det er meir å gle seg til.  Oktoberbergknappen skal sprette ut.  Den står lenge også som avskoren.
Og her kan det bli raude bær.  Så får vi ta in kristtorn til jul

tirsdag 25. september 2012

Lesestoff

I går gjorde eg meg eit ærend i byen.  To bøker vart levert inn på biblioteket og to nye vart med heim.  Kor tid eg les dei, er ei anna sak.  No skal eg først lese ferdig Frode Grytten si bok, og så skal eg gi meg i kast med John Irving.

mandag 24. september 2012

Plommedessert

Det har vore plommeår her i år.  I går plukka vi inn dei siste plommene.  Eg trur det er Opal. Kommentaren frå gjestene var: Du har vel ikkje laga sylte av alle plommene?

Oppskrifta/sukkermengda var den same som foreldra mine bruker til hermetiske plommer.  Det er noko søtare enn plommekompott i kokeboka.  Eg liker ikkje å reklamere for bruk av mykje sukker, men her synest eg det må til.  
5 dl vatn
3 dl sukker
ca 800 g plommer

Kok plommene til dei er møyre. Eg kokte først halvparten av plommene, ca 400 g, og hadde dei i ei skål.  Så kokte eg resten i same laken.

Server med piska krem, gjerne med 1/2 ts vaniljesukker eller vanleg sukker i.

søndag 23. september 2012

Solrik septembersøndag

 Etter mange veker med regn har vi no fått nydeleg haustver på Sunnmøre.  Eg fann ut at eg ville nytte føremiddagen til ein tur.
 Før eg for, sette eg på ei panne med fårikål.  Førre søndag då vi var i Stavanger, verka det som alle facebookvennane mine kokte fårikål.  I dag er visst alle ute på tur.
Journalisten var invitert.  Det er frøkna sin plass som er tom.  Ho kjem att frå skuletur med Aktive Fredsreiser i natt.
 Dagens tur gjekk rundt Snipsøyrvatnet på sykkel, og ja, eg hugsa hjelm.  Skal tru kor lenge der var elevar ved Snipsøyr skule?
 Som alle gamle skular, har også denne utedass.
 Astalt er ein stor fordel når ein syklar.  Det fekk eg merke på bortsida av Grimstadvatnet.
 Holesanden.
Høgt heng dei, og sure er dei!

P.S.
Det har vore ein diskusjon om ein skal ha jamning på fårikål.  I dag hadde eg berre i 2 ms kveitemjøl. Eg trur nok at dess eldre folk er, dess mindre tjukk saus vil ein ha?  Små born et gjerne poteter med god saus og litt kjøt.  Det er i alle fall mi erfaring.

lørdag 22. september 2012

Brukt og billeg

I dag stakk eg innom brukt og billeg, som bruktbutikken i Hareid heiter.  Eigentleg såg eg etter små grøne dessertskåler i denne serien.  Men så fann eg ei stor raud til 50 kroner.  Den måtte berre bli med heim.

Eg er fullt klar over at eg kanskje heller burde vere av dei som leverer ting til bruktbutikken.  Men eg har strategien klar.  Den dagen eg ikkje vil ha desse skålene lenger, gir eg dei vekk med noko godt oppi!

fredag 21. september 2012

Knutekål

Det har dukka opp ei ny grønsak i butikken.  I opptaket av Frukost-TV i dag såg eg at Finn Schøll brukte grønsaka i ein dekorasjon.  Eg må innrømme at eg aldri har smakt knutekål før.  Bruksområda satsa eg på å finne på nett og i kokebøker. Før eg fekk sleppe til på datamaskina skar eg like godt av ein bit og smakte den rå.  Den var kjempegod!  Smaken er litt mindre særprega enn rabbe (kålrot) og nepe.  Konsistensen var sprø og god - ei skikkeleg knaskegrønsak, vil eg seie. Knutekål er sikkert godt raspa saman med gulrot og eple til dømes.

C-vitamininnhaldet er høgt 62 mg pr. 100 g.  Til samanlikning inneheld appelsinar 51 mg pr. 100 g.  Kjelde: Matvaretabellen.

Og kanskje det beste av alt, prisen; 8,90 pr stk på Prix.

torsdag 20. september 2012

Fleire bilde frå Stavanger

 Eg har lova blogglesarane bilderas frå Stavanger.  Vi vart fascinerte av gamlebyen.

Folk skaper sine eigne idyllar.
Brustein - flate og "i vater".
I andr enden av byen var der ei fargerik gate.  Legg merke til flagget.





 Domkyrkja.  Der kom akkurat ut eit brudepar som vart møtt av eit lite sangkor.
 Alexander Kielland.
 Ei statue av ein meir ukjend mann.  Eg synest det er greitt å ta nærbilde av det som står skrive.  Det gjer eg ofte når eg er på museum også, så kan eg studere det meir nøye når eg kjem heim.

Bok 46: Skinndød

Dette er den første av seks bøker med nettjournalisten Henning Juul.

Ei jente vert funnen steina på Ekebergsletta.  Ho har også vorte piska og kappa eine handa av.

Henning Juul er attende på jobb etter sjukefråvere.  Han har opplevd å miste sonen i brann, og han har sjølv brannskadar.

Eg ser at romanen har seld godt, og at han har vorte nominert til ein krimpris i England.  Sjølv må eg innrømme at krimromanen ikkje akkurat er "my cup of tea", utan at eg heilt veit kva eg skal sette fingeren på.  Bakgrunnshistoria til Henning Juul er kanskje betre enn sjølve krimhistoria.  Om eg kjem over neste roman, så skal eg kanskje gje han ein sjanse til?

onsdag 19. september 2012

Dagens eksperiment

 Denne månaden er det billegare å kjøpe pizzabotn og kjøtdeig enn å berre kjøpe kjøtdeig på Coop Prix.  Det er rett og slett ikkje til å unngå at matbua vert fylt av posar med Toro pizzabotn.

I dag ville eg finne ut om ein teori eg har, held stikk. Desse pakkane med pizzabotn inneheld tørrgjær i så store mengder at dei ikkje gir opp noko hevetid for pizza.  Kan pakken brukast til å heve ein brøddeig?
 Eg blanda saman 8 1/2 dl vatn, 1 pakke kornbrødblanding(den satt ned i handlekorga på eit anna tilbod) og ein pakke pizzabotn.  Maskina fekk kna deigen ca 10 minutt.
 Ein time seinare hadde deigen heva seg godt!
Eg forma brød som fekk heve ein halv time før eg steikte dei.  Formene er på 2 liter.

Konklusjon:  Viss ein har ein pakke pizzabotn, kan ein bruke den i ein brøddeig og kutte ut anna gjær.

Neste gong eg puttar ein pizzabotnpakke i brøddeigen, kjem eg til å blande han med 1 kg grovt mjøl, gjerne ei blanding av rug og kveite.  Dagens brød vart halvfine.

Eg må og legge til at mjølet i pakken er tørka.  Det er ikkje tilsett konserveringsmiddel.

tirsdag 18. september 2012

Tysdagstur

 Sykla forbi traktorane.  Har der kome fleire sidan sist eg tok bilde?  Trur det!
 Hammarstøyvatnet.  Drikkevasskjelda vår.
Vegen opp forbi kraftverket, også kalla feittbrennaren, er skikkeleg bratt.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...