lørdag 22. september 2012

Brukt og billeg

I dag stakk eg innom brukt og billeg, som bruktbutikken i Hareid heiter.  Eigentleg såg eg etter små grøne dessertskåler i denne serien.  Men så fann eg ei stor raud til 50 kroner.  Den måtte berre bli med heim.

Eg er fullt klar over at eg kanskje heller burde vere av dei som leverer ting til bruktbutikken.  Men eg har strategien klar.  Den dagen eg ikkje vil ha desse skålene lenger, gir eg dei vekk med noko godt oppi!

4 kommentarer:

  1. Eg har og ein hang til å kike i dissa bruktbutikkane.
    Av og til syns eg eg gjer gode kjøp, andre gongar ikkje.
    Eg leverer av og til inn også
    Knutekål er nytt for meg, men høyrest spennande
    ut. Eg må prøve det.
    God laurdagskveld !

    SvarSlett
  2. En må jo handle litt når en kan gjøre gode kupp.
    Jeg leverer som regel inn igjen noen esker i løpet av året.
    Så det går litt opp i opp, hehe.
    Ha en herlig søndag :)

    SvarSlett
  3. Du kan dekke på med den raude i lag med dei grøne-mange i familien som ikkje ser skilnaden!

    SvarSlett
  4. Trur det finst brune også, trur det og ville passert! Eg har miksa lilla og mørkegrøne lys til advent - utan å få reaksjon ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...