Dei siste ti åra har eg kjøpt panner med tanke på at eg ein gong i framtida skulle få meg kokeplater med induksjon. Likevel måtte eg parkere nokre panner i vinter. Aluminiumspanna mi på 12 l var frå 1985, grautpanna på 10 l frå før 2003 og balljpanna mi på 8 l som var omtrent like gammal.
Eg har sett meg litt rundt og kome fram til at den største panna som kan erstatte desse, må ha belegg slik at eg kan koke rømmegraut. Stålpanna mi på 15 l kan gjere nytta elles.
Då vi var i Kongsberg i mai, såg eg ei panne på Jernia. Der var stort utval, og dette var den største, ei Høyang Polaris på 8 l. Prisen var ganske stiv, 1499 kr. No er mor mi omtrent like glad i gode panner som meg, så eg tenkte at eg kunne kjøpe den for gebursdagspengar fr foreldra mine.
Då eg skulle vise panna til ei venninne, såg eg at ho kosta 1250 kr på ein nettbutikk. Litt seinare gjekk eg inn på nettsida for å slå til. Næraste Jerniabutikk er nemleg i Ørsta, og der er eg berre etter stengetid. Men så skjedde noko irriterande! Dei la på 99 kr i porto! Vanlegvis slepp ein å betale porto når ein kjøper for så store beløp. Eg stansa kjøpet. Det var lenge til Jonsok.
No lurer eg på om nettsida har stempla meg som gniten! Førre veke sende dei meg nemleg ein verdisjekk på 200 kr. Panna kosta meg då 1173 kr MED porto.
Ja, ja, no har eg i alle fall fått panna eg ønska meg, og om ikkje så lenge vert det rømmegraut!
Viser innlegg med etiketten ting og tang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ting og tang. Vis alle innlegg
onsdag 21. juni 2017
lørdag 22. april 2017
Litt nytt til kjøkenet
Innboksen min flyt over av gode tilbod. Butikkar lokkar med forskjellig for å få e-postadressa mi. Eg slettar stort sett desse mailane etter kvart. Torsdag let eg meg likevel lokke av -30% på Kitch'n. Krukka mi med kjøkenreiskap er full, og eg ønska meg ei til. Det er for tungvint å opne skuffer for den minste ting, har eg kome fram til. I staden for å ha ståande to raude, valde eg ei grå. Mummikoppen er til frøkna som samlar på dei. Dette er sesongkruset for 2017. Dei plar ikkje kome på halv pris. Fjøla har eg og sett på før. No har eg olja henne, så ho er klar for bruk.
lørdag 25. mars 2017
Laurdagshandel
Eg plar som regel ta meg ein tur "nedover" om laurdagane, i dag ikkje noko unntak. For nokre dagar sidan fekk eg mail frå Nille med spørsmål om kvifor eg ikkje hadde handla hos dei på ei stund. I meiningsmålinga eg dermed deltok i svarte eg, som sant var at eg ikkje hadde hatt bruk for noko. ærendet mitt i dag var eit par pakkar med tusjar til brødposane til elevane. men så viste det seg at eg hadde bruk for litt forskjellig.
Serviettane er med påske- og vårmotiv. I påska håper vi på mange hyggelege måltid!
Potta med Chilifrø og mold kjøpte eg for å ha det litt morosamt. Framhald kan følgje ...
Serviettane er med påske- og vårmotiv. I påska håper vi på mange hyggelege måltid!
Potta med Chilifrø og mold kjøpte eg for å ha det litt morosamt. Framhald kan følgje ...
torsdag 16. februar 2017
Alltid på jobb!
Tysdag og onsdag denne veka har eg vore i Molde på kurs i regi av Utdanningsforbundet sidan eg er plasstillitsvald. Det var kjekke og lærerike dagar.
Det er ikkje så ofte eg kjem meg til ein litt større by. Og det kan gå månader mellom kvar gong eg er nær Husfliden, og nærare enn frå Alexandra kan ein knapt kome. Kurset la opp til ein halv time utsjekking i går. Eg sjekka ut etter frukost for å kunne snike meg bortom Husfliden i den pausen. Dei som spurde meg om kor tid eg skulle ete frukost, fekk vite om planane. Ei på min eigen alder slo seg saman med meg medan "ungdomane" ikkje hadde sansen for Husfliden! Då lurte eg på om dei hadde vore der. Eg ser alltid mykje flott norsk design der. Der er mykje fint, men der er ikkje billeg. Kvalitet kostar.
Utanom noko småpjask til meg sjølv kjøpte eg eit kjevle eg skulle ønske eg hadde sist vi baka lefser på skulekjøkenet. Spesielt når ein skal bake glutenfritt, er det greitt med eit kjevle med belegg. Prisen er 550 kr om nokon skulle lure.
søndag 18. oktober 2015
Bread maker
Som blogglesarane sikkert har fått med seg, er eg over middels interessert i brødbaking. Eg er og svak for nye oppfinningar. Så då denne nye brødbolleforma kom på tilbod før haustferien, slo eg til. No har eg eksperimentert litt med den i helgane.
Det "geniale" er at ein rører saman deigen i same inretninga som ein steiker brødet i. Dette gjer eg om kvelden.Deigen får heve i forma over natta.
I oppskriftheftet som følgjer med, står det at ein kan sette brødet rett i omnen. Etter litt prøving og feiling har eg kome fram til at det er lurt å førme brødet på nytt. Det gjer ein lett med ei deigskrape.
Ein annan ting eg gjer som eg vil med, er at eg steiker brødet i forma, litt over halve tida med forma lukka, så lettar eg litt på "loket". 200 grader i ca 50 minutt.
Om nokon får lyst til å prøve, så er dette oppskrifta til brødet over.
ein klump gjær på storleik med ei ert
3 1/2 dl kaldt vatn
3/4 ts salt
frukt, nøtter og frø om du vil
(eg brukte aprikosar, valnøtter og graskarfrø)
2 1/2 dl Fibramjøl
ca 5 dl kveitemjøl
(deigen skal vere laus)
onsdag 8. april 2015
Popcorn!
Når ein trur ein har alt, dukkar det alltid opp ei ny oppfinning. Det siste som har kome i hus er ei popcornmaskin. Ho er i flittig bruk når det er ungdomar i hus.
fredag 6. februar 2015
Tupperwareting
I går fekk eg tinga eg bestilte på Tupperwarepartyet førre veke. Flaska var ei gåve.
For ei stund sidan såg eg på ein annan blogg, fru Tunheim, trur eg, at ho hadde kjøpt seg Tupperwareslikkepottar. Då tenkte eg at eg skulle ta meg råd til det neste gong eg vart invitert på party. Til jul ønska eg meg slikkepottar, for dei eg har, held på å takke for seg. Eg fekk ein stor, flott som høver til store bollar. Men eg saknar av og til slike små. Vispen var på tilbod og skal vere fantastisk. Tida vil vise om han vert skuffefyll ...
Eit par gåver har eg og kjøpt, så eg kan ikkje vise fram alt her.
For ei stund sidan såg eg på ein annan blogg, fru Tunheim, trur eg, at ho hadde kjøpt seg Tupperwareslikkepottar. Då tenkte eg at eg skulle ta meg råd til det neste gong eg vart invitert på party. Til jul ønska eg meg slikkepottar, for dei eg har, held på å takke for seg. Eg fekk ein stor, flott som høver til store bollar. Men eg saknar av og til slike små. Vispen var på tilbod og skal vere fantastisk. Tida vil vise om han vert skuffefyll ...
Eit par gåver har eg og kjøpt, så eg kan ikkje vise fram alt her.
fredag 30. januar 2015
Bytur
I dag fann vi damene ut at vi måtte ha oss ein tur over Eidet. Begge fann vi oss det klesplagget vi trong. Til middag i går dampkokte eg brokkoli. Eg vert like irritert kvar gong eg må til å reparere damprista i stål før eg brukar henne. Eg kom på at eg hadde sett nokre på Kitch'n før jul. I dag investerte eg i ei slik. Berre eg ikkje tørrkokar panna, skal ho vare lenge.
Frøkna ville kjøpe bønnespirar på boks, men det må vere mykje sunnare og betre med friske! Eg skal ta fram utstyr frå 80-talet!
Frøkna ville kjøpe bønnespirar på boks, men det må vere mykje sunnare og betre med friske! Eg skal ta fram utstyr frå 80-talet!
Abonner på:
Innlegg (Atom)

