lørdag 24. januar 2015

Handledag

I dag har eg vore på to handleturar.  På den første turen var eg innom biblioteket.  Der fann eg mellom anna ei bok med hueoppskrifter.  Eg har lova ein ny hue.  Det vert ei dyr hue om ein skal kjøpe ei bok for å finne oppskrift, så då er biblioteket greitt å ha. Det må også skytast inn at eg nok har mønster i ei av dei andre strikkebøkene mine. Men denne overraska positivt. 

Vel heime laga eg pizza før eg fann ut at Amfi i Ørsta har ope til 18 om laurdagane. Eg er heilt kleslaus, og har ikkje funne meg noko eg liker i næraste by.  Klesbutikken eg har handla på i mange år er nedlagt. På Femina i Ørsta fann eg meg både grå bukse, som eg var ute etter, og eit par toppar.  Etterpå for eg opp i Starevegen og fekk meg kaffi.

6 kommentarer:

  1. "Og solen går sin gang"-kom eg aldri igjennom(På papir for mange år sidan) "Reisen hjem" har eg lese, ikkje det heilt store. Den tredje har eg ikkje lese. Eg har eit strikkehefte med luer, men har ikkje strikka så mange. Held meg til "Bankranarhue-oppskrifta" når eg strikkar huer.

    SvarSlett
  2. Moteeksperten i familien synest at alle var for spesielle! Eg har ikkje brukt huer anna enn når det har vore tvingande nødvendig. Men førre søndag tok eg på meg hue og sjal. Turen vart mykje meir behageleg, skal innrømmast!
    Eg treiv med meg krimen i bilen i går. Det er ein pageturner!

    SvarSlett
  3. Godt at det fortsatt finst butikkar med klede :-)
    Og klelaus føler ein seg rett som det er sjølv om skapet er fullt..
    Merkeleg!

    Ha fin søndag!

    SvarSlett
  4. Nei, ein er ikkje meir kleslaus enn at ein kan finne noko i skåpet ... Men det er noko med å føle seg vel. Kjøper ein seg ny bukse, vert brukte toppar gamle - og omvent ..

    Ein fin søndag til deg og!

    SvarSlett
  5. Ja det er godt å finne litt nye kler av og til
    så en kan føle seg litt mer velkledd.
    Selv om skapet er fullt er det ikke alltid en har
    noe som passer til den bestemte anledningen.
    Jeg opplever ofte at jeg kjøper et nytt plagg og
    så blir mye av det gamle som "nytt" sammen
    med det nye plagget.
    Ha ei herlig ny uke :)

    SvarSlett
  6. Det kan og skje! Men utvaska er utvaska! Eg har strikka meg ei ny jakke som eg måtte ha noko høveleg til. Eg trur det kan bli fleire turar til Femina.

    Ei fine veke til deg og!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...