mandag 30. april 2012

Heimedag

Niandeklassingane har hatt heimedag i dag.  Sidan det er snart konfirmasjon, tenkte eg at heimane ville sette meir pris på vaskeoppgåver enn for mykje baking og koking.  Dei fekk derfor i oppgåve å lage ein kvardagsmiddag og ein enkel dessert.  Kjøkenet skule vekereingjerast, og så skulle ein velje mellom reingjering av bad eller kjøleskap.
Her i huset passa det dårleg med heilsteikt ørret i dag sidan foreldra var inviterte på salt- og søtmat i eit etterpålag.  Niandeklassingen skulle dessutan til tannlegen.  Ho fekk derfor utsetje middagen til i morgon og heller vaske vegger og tak på kjøkenet.  Eg var godt nøgd med den avtalen!  No skin kjøkenet og kjøleskåpet er ryddig og reint.  I tillegg kan vi konsentrere oss om andre ting i morgon og få middagen servert.  I dag hadde ho laga heimelaga pizza til seg sjølv og broren.


søndag 29. april 2012

Galimatias

Laurdagsmorgonane kosar eg meg med helgemagasinet til Sunnmørsposten.  Der bruker å vere interessante artiklar, matspalte og petit.  Denne gongen var ord og uttrykk som blir brukte feil, tema.  Eg har fått med meg at klokkartru har med trua til klokkaren å gjere, men at galimatias ikkje har med galskap å gjere, var nytt for meg.  Eg måtte sjølvsagt sjekke mi eiga ordliste.


galimatias
galimati'as n1 (frå fr; uvisst opph) sludder, tullprat dette er det reine g-


Det er altså feil å bruke uttrykket om bilkøyring.


Nyleg kalla programleiaren i Frukost-TV på TV2 Tone Damli smørblid, men meinte lykkelig.



smørblid
~blid ovende blid; tilgjort blid


For journalistar og norsklærarar er det greitt å ha orden på orda.

Finst det noko fredelegare ...

... enn lyden av kaninar som et gras?
I dag har vi nydeleg sol på Sunnmøre.  Gløymt er snøen som fall i går.



Kaninen på det øvste bildet heiter Ludde.  Det er ei hoe. Ho er mest oppteken av å ete.  Hannkaninen heiter Marlon.  Han har store planar om å grave seg ein gang ut i fridomen, eller kanskje bort til hoa?

lørdag 28. april 2012

Veret ...

 ... er vel det store samtaleemnet på Sunnmøre i dag.  Vi ser og høyrer om trasige trafikkforhold i Hovdebakken og på Ørskogfjellet.  Ein fotballcup er avlyst.
 Det er ikkje verst for oss som har mykje å gjere både inne og ute.  I byen er det konfirmasjon.  Eg hadde unnt dei betre ver.  Karamellpuddingane eg laga i går, fekk eg sendt med ei venninne som skulle hjelpe til med servering.
For meg er det berre ein fordel å vere i halvdårleg humør.  Det gjer meg effektiv.I tillegg til å gjere vanleg husarbeid, har eg vaska ned vaskerommet.  Eg reknar med at konfirmasjonsgjestene kjem til å inspisere der, særleg under og bak tørketrommelen. Det er sjølvsagt berre tull.  Men rommet ligg ved sida av kjøkenet og skal brukast til avlastning.  Så seint som oppvaskmaskina mi arbeider, kan det vere greitt å gøyme unna litt forskjellig.

No er det i alle fall gjort, og vi kan ta helg!

God helg til alle blogglesarane!


fredag 27. april 2012

Bok 22: Englemakersken

Eg har ikkje lese Läckberg før, berre sett TV-filmane. Rett nok hadde eg nokre av dei liggande på den gamle datamaskina, men det var alltid noko som freista meir.

På førehand hadde eg fått høyrt at romanen var heilt OK.  Det var den absolutt. Fordelen med å ha sett filmane og vore i Fjällbacka, er at du ser personar og landskap for deg.  Der er ein del å halde greie på, ikkje minst fordi handlinga går over fleire generasjonar.

Läckberg skildrar interessante menneskeskjebnar.  Privatlivet til Erica skal vere typisk, men finst slike frittalande svigermødrer?

Eg gav romanen fire stjerner.

Årets påskekrim 2012






torsdag 26. april 2012

Wok

Wok er ei ypparleg rett å lage for folk som ikkje liker å bruke oppskrifter.  I dag tok eg to pakkar strimla svinekjøt, slike ein får attpå på Prix for tida.  Eg steikte dei og let dei koke vidare i soyasaus og eplejus.  Eg synest slikt svinekjøt har godt av å trekke nokre minutt. Deretter steiker eg grønsakene etter tur i ei steikepanne.  Eg synest det er greitt å begynne med løk og olje i kald steikepanne.  I dag hadde eg raudløk, gulrot, blomkål, skvåsj, paprika, litt finhakka ingefær og litt sør chilisaus til slutt.

Denne retten er sunn, god og rimeleg, spesielt om ein serverer fullkornris til.  Dagens reklame får vere for Sunnmøre folkebutikk.  Der sel dei raudløk og ingefær i lausvekt til ein rimeleg penge.

onsdag 25. april 2012

Krumkaker

Eit sunnmørsk kakebord gjer seg ikkje sjølv.  Men den dagen du treng kaker, kjem dei på døra! Slekt, vener og kollegaer bakar til kvarandre.  I dag har eg steikt to boksar krumkaker.  Oppskrifta er ein ting.  Eg bruker "eggenes vekt".  Det er like delar egg, sukker, smør og mjøl. Framgangsmåten og handlaget er ulikt.  For ikkje å snakke om jerna. Med så luftig eggedosis som eg laga i dag i mitt jern, vart det skjøre og "blondete" kaker.

Ei venninne av meg skal få eine boksen med kaker og ein karamellpudding attpå, ei anna to karamellpuddingar.  Komande helg innleiar festmånaden.

tirsdag 24. april 2012

Langs vegen

 I dag tok eg dette bildet på veg framover dalen.  Eg synest det er artig at folk lagar slike attraksjonar!
Så måtte eg leite fram bildet frå i fjor for å sjå om der var komne fleire i samlinga.  Den størstye reknar eg med var i arbeid i dag.  Det var i alle fall stor aktivitet rundt om på gardane.

mandag 23. april 2012

Kva eg skal så i år?

Det er såtid, og mange fortel om kva dei har sådd og skal så.  Sidan vi skal ha konfirmasjon her, vel eg å ikkje fylle vindaugskarmane med potter med spirar i. Eg gidd rett og slett ikkje å flytte rundt på plantar.

Men eg skal gjere eitt unntak: Eg må ha skvåsj i hagen! Vanlegvis sår eg dei 1. mai, men i dag skal eg så nokre av dei, så kanskje eg får hauste tidlegare.  Eg har prøva og feila i årevis.  Det same skjer kvart år, når det først kjem ein skvåsj, så kjem det mange.  Nokre dagar ser ein at dei har vakse frå morgon til kveld.  Øystein har grave ein komposthaug ned i åkeren, for dei treng mykje næring.

Framhald følgjer.  På denne bloggen kjem det ikkje agurknytt, berre skvåsjnytt.

NB! I dag er det siste sjanse til å stemme på årets påskekrim.

søndag 22. april 2012

Søndag med samtalegudsteneste

 I år hadde dei lagt samtalegudsteneste tre veker før konfirmasjonen, truleg fordi det er konfirmasjon i Ulsteinvik neste helg.
 Årets første bukett frå hagen.  Ok, ein liten tusenfryd frå ei potte kom med.
 Eg laga orientalsk gryte til middag. Oppskrifta kjem stadig fram i margen til høgre. Denne månaden får ein oppskore svinekjøt attpå ein Uncle Bens-saus på Coop.  Desse sausane synest eg smakar best med kyllingfilet.
 Eg liker å forenkle.  I dag laga eg ein focacciadeig i brødbakemaskina og let han heve i ei firkanta form.  Så trykte eg deigen ut og let den heve litt til før eg hadde på salt, krydder, olje og oliven.  Eg let den etterheve litt til før eg steikte brødet.  Eit slikt brød er fint å servere på ei stor trefjøl i same fasong, så kan skjere sjølve,
Til sterke sausar smakar det godt med fullkornris.  Restar av denne eignar seg ikkje til graut, for den er forkokt - eller "parboiled".  Eg puttar høvelege mengder i brødbakemaskina. Så slepp ein å kaste mat.
I dag stilte alle jentene i bunad.  Det er også antrekket på konfirmantfesten i ettermiddag.

lørdag 21. april 2012

Pakke i posten II

I går fekk eg resten av velkomstpakken i hobbyklubben.  I boka til venstre er der mange og spennande oppskrifter.  Denne boka inspirerer til kreativitet.  Garnet som følgde med oppskriftsheftet til høgre heilter Sterk Alpakka).  I følgje ei nettside eg fann, skal det vere muleg å kjøpe meir garn på Hareid om ein skulle trenge det.  Garnet inneheld 20% nylon og kan brukast til lestar.

Dagen i dag har gått med til vasking,  fotballkamp og hagearbeid.  Hareidsjentene vann begge kampane sine i dag.  No står det berre att stryking av bunadsskjorte.  Men først skal eg ha meg litt kaffi.

fredag 20. april 2012

VIP

Frøkna hadde fått ei melding på mobilen: Ho er VIP. Med det følgjer 50% rabatt på ein av butikkane på kjøpesenteret i byen. Mora måtte legge hageplanane til side og vere sjåfør og kortdragar. No er eg ikkje så veldig tung å be, for eg hadde diverse ærend sjølv.

Idet vi går ut døra, spør ho; "Kva betyr eigentleg VIP?"  Er det berre LOL og liknande forkortingar dei unge kan.  Om nokon som les bloggen skulle vere unge og uvititande, så betyr det sjølvsagt Very Important Person.  Og slike VIPar kan få særbehandling til dømes på fotballkampar.

Og frøkna er nok ein slik VIP i heimen dei næraste vekene sidan ho er konfirmant. I dag var ei ny ytterjakke det viktigaste.  Valet fall på ei grøn.
Dei som er innom matbloggen hennar, ser sikkert at ho er biten av cupcakebasillen.  I dag investerte vi i litt meir utstyr.

Elles får eg åtvare om stor fare for høg myrsnipefaktor framover ...

torsdag 19. april 2012

Langs vegen

Då eg flytta til Hareid for snart 24 år sidan, trilla eg vogn langs vegane kvar dag.  Sommarhalvåret hadde vi mykje underhaldning med å sjå på lam og oksekalvar.  Mange gardsbruk er lagt ned sidan då.  Tysdag såg eg denne flokken på Bjåstad.  Dessverre hadde eg berre med den gamle mobilen min som kamera.

Neste tysdag skal eg prøve å hugse å ta med eit lommekamera, for eg såg andre, gode motiv!

onsdag 18. april 2012

Appelsin- og banansalat

Det er godt med dessert, synest eg,  Og ein dessert treng ikkje vere så innvikla.  Det er desserten vi har hatt på skulekjøkenet denne veka, eit godt eksempel på.  


2 appelsinar, i tynne skiver
1 ms sukker
1 banan i skiver
1 ms mandlar/nøttekjernar, grovhakka (kan sløyfast)

1. Skrell appelsinane og fjern mest muleg av det kvite før du skjer dei i skiver.
    Skrell og del bananen i skiver.
2. Legg appelsinskivene i ein serveringsbolle og strø over litt sukker.
3. Fordel bananskivene over appelsinen og drys eventuelt over mandlar/nøttekjernar.

Oppskrifta er henta frå"Kokebok for alle" , den niandeklassingane får gratis.  Eg forstår ikkje kvifor bananane skal vere på toppen.  Skal ein unngå at dei vert brune, er det vel lurt å legge dei mellom appelsinskivene? Viss appelsinane er søte og gode, ville eg ha kutta ut sukkeret ...

tirsdag 17. april 2012

Vår

 Men våren kjem så mangt.  På jobb er det ei tid med tidsfristar.  Fagrapportar skal skrivast.  Prøver og tentamenar skal rettast.  Opplegg skal lagast.
Søndag er det såkalla spørjesøndag med konfirmantfest på ettermiddagen.  Den store dagen nærmar seg.
Innimellom får ein ta seg ein tur ut i hagen.  Der dukkar det opp påskeliljer frå potter eg planta ut i fjor, trur eg.  Kuleprimulaen er trufast.
Og så kan vi gle oss til grunnlovsdessert, no ein månad frå 17.mai.


mandag 16. april 2012

Bok 21: Arven


Arven, som er den første romanen til forfattaren, gjekk rett på bestseljarlistene, kan vi lese. Det forstår eg godt.

Det er ein slektsroman med handling frå to kontinent. Oppskrifta er kjent og enkel.

Hovudpersonen arvar eit gods saman med søstera si - på vilkår.  Dei må bu der.  Søstera slit med psykiske problem.  Kan det ha noko med at ein jamaldra gut forsvann i leik då dei var åtte og tolv år gamle?

Parallelt får vi høyre om oldemora, ei overklassejente, som forelska seg i ein kvegeigar
og flyttar på prærien.   Hennar historie er tøff og brutal.

Tittelen arven kan tolkast som den fysiske arven, altså godset, eller alt det andre som vert overført frå generasjon til generasjon.  Det gjer vel mange klokt i å ta tak i.

Hovudpersonen nøstar opp familiehistoria.

Som blogglesarane veit, har eg lett for å slakte slike bestseljarar.  Denne romanen har noko i seg som gjer at eg let det vere.  Eg synest ho unngår dei verste klisjéane.  Her er lite klissete språk, noko som ikkje ville ha stått i stil til den heller tøffe historia.

Eg gav romanen fire stjerner.

søndag 15. april 2012

Jakke i Hverdags

Då eg starta å strikke denne jakka, tenkte eg at ho kom kanskje til å bli ferdig før 17 mai.  Men det viste seg at når ein skal strikke einsfarga i rette masker, så går det ganske fort.  Slikt arbeid høver godt når ein skal halde seg vaken framfor fjernsynet. Eit strek i rekninga var at ein del av mønsteret skal strikkast med tre trådar på pinnen.  Det går seint med meg, ikkje minst øvst der det skulle strikkast fram og tilbake.

For strikkeinteresserte kan eg opplyse at mønsteret fann eg i eit hefte frå SandnesGarn som heiter "Til fjells". Mønsteret er i minialpakka, men eg valde Hverdags.

Vesten som eg strikka i Hverdags, er eit sånt plagg som ein kan flytte inn i.  Eg trur det løner seg for meg å strikke i tynt garn, for då vert plagga brukte.

Gratulerer Eirik!

I dag gratulerer vi Eirik med femtenårsdagen!  Vi håper du får ein fin dag!

Bilkdet fann eg på facebook.  Eg tippar han opptrer som vokalist i Lommerosk, bandet som har gått vidare til UKM.

Her skal vi gjere oss klarte til vårkonsert med korpsa i kommunen.

lørdag 14. april 2012

Hagedag

 I dag har det vore kaldt, men fint ver.  Før eg kunne sette i gang i hagen, kjøpte eg meg ei samling hanskar på Nille.  Dagens outfit vart termodress og tjukke gummihanskar. I går kjøpte eg meg ein liten, raud tusenfryd etter inspirasjon frå amo sin blogg. Berre ei av påskeliljene mine har sprotte ut.
Eg ønskjer blogglesarane ein fin laurdagskveld!

fredag 13. april 2012

Pasta med pesto

 I dag var eg så sliten etter seks undervisningstimar at eg pakka datamaskina og ein bunke engelsktentemenar i sekken og for heim klokka to. Eg rakk både å lage middag og dekke bord før vidaregåandegjengen kom.
Dagens rett ver inspirert av Gunda. Eg steikte kyllingfiletar i strimlar og hadde i eit halvt glas pesto, ein kremost og litt eplejus.  Elles tok eg dei grønsakene eg hadde og surra i olje, nemleg paprika, blomkål, purreløk og ei gulrot som eg snitta opp med ein ostehøvel.  Dette blanda eg saman med ca 400 g kokt fullkornpasta og kverna pepar over. Har ein ikkje kremost, kan ein sikkert bruke fløyte.


torsdag 12. april 2012

Rekognoseringsrunde

Det er forskjellig som må på plass før konfirmasjonen.  I dag var eg på jakt etter noko eg ikkje fekk tak i.  Men eg har ein plan B, nemleg å låne av ei venninne, så kan ho få låne av meg ein annan gong.

Først var eg i bygda.  Der lånte eg dei to nedste bøkene.  Elles så fann eg fine hjerteknappar.  Dei to øvste bøkene fann eg på bybiblioteket.  Kva skal eg lese først?

onsdag 11. april 2012

Blod på tann

I dag sette eg meg til å feste trådar på jakka mi.  Det var ikkje få, så det tok si tid.

Det er lett at eit handarbeid vert liggande når ein har kome så langt.  Bøygen er vel ofte dei to maskinsaumane? Min måte å angripe problemet på, er å vere svært pirkete.  Eg tråklar der eg skal sy.  Når eg har sydd dei rette saumane og klipt opp, "sikkar" eg to gonger, ein gong vanleg, og ein gong med den breiaste saumen.

No er eg godt nøgd med dagens handarbeidsinnsats.  Kanskje jakka vert ferdig så eg kan bruke den i vår?

tirsdag 10. april 2012

Skal tru ...



... om dette er noko som ungdommen likar?

For tiandeklassingane er det tentamen i engelsk allereie torsdag.

mandag 9. april 2012

Ei påske er over ...

Feriar går alltid fort.  Før ferien tenkjer ein på alt ein har lyst å gjere.  I år sette snøen ein stoppar for hagearbeid, men elles har vi vel fått gjort litt av kvart.  Familien har vore samla fleire gonger, både den vesle og den utvida.  Berre ein svoger med familie har ikkje vore på desse kantar.  Men det er berre vel ein månad til konfirmasjonen.

Studenten driv og pakkar kofferten.  Han skal ta nattbussen til hovudstaden.  Det går radig, berre trasig at han må vente 1 1/2 time i Ålesund!  Bussen går ikkje bortom kaia.  Halve familien er på Høddkamp.  Journalisten er i Molde.  Sjølv har eg full dag i morgon, så det er nok å ta tak i.

Bok 20: Valkyriene

Sidan eg først hadde gitt meg io kast med denne romanen, las eg den like godt ut.  Det eir ei kort bok med berre 4 CD-ar.  Arven, som eg også les no, er på 13 CD-ar.

Det ser ut som denne romanen av den verdskjende forfattaren, kom ut på portugisisk i 1992, og først i 2010 på norsk.

Eit ektepar reiser ut i ørkenen for å finne ...?  Ja, kva leitar dei etter? Gud? Englar?  Og kva finn dei? Valkyrier? Seg sjølve?

Dette er ein merkeleg roman. Les gjerne meir her.

søndag 8. april 2012

Trim og trening

 Medan nokre liker å gå rundar på ski, vel eg å gå ein tur rundt vatnet.  Idet eg gjekk ut døra i går og skulle slå på i-poden for å lytte til "Arven", stod frøkna der og ville vise meg noko.  Eg måtte svare på kor høg og tung eg var. No kan du gå!

Vel heime måtte eg vise fram resultatet.  Ikkje særleg imponerande.  Tempoet hadde ikkje vore særleg høgt.  At eg også stoppa opp og prata med kjentfolk, gjorde ikkje saka betre.
 I dag for dei til fjells.  Så eg tenkte at eg får prøve å stille inn vedunderet sjølv.  Det var sjølvsagt ikkje så vanskeleg.  Det einaste eg måtte gjere, var å trykke på "START".  Så skjer det noko liknande som då eg var med på dytt.  Ein vert biten av basillen!  Eg langar ut!
Som de ser, vart stega lengre ...

På andre sida av vatnet oppdaga eg at CD 5 ikkje låg på i-poden.  Heldigvis hadde eg liggande ei bok til der.  Men kva skjer då eg pluggar inn i-poden?  Jau, eg får spørsmål om eg vil sende inn treningsresultata mine til Nike+.  Då kan eg og sende meldingar til andre og utfordre dei.  Eg var snar å trykke på "nei"!

lørdag 7. april 2012

Focaccia er aldri feil!

 I går var vi utan nett i fleire timar.  Det skjer sjeldan. Vanlegvis bruker blogglesarane å få vite kva eg serverer når vi har gjester.  I går serverte eg det eg kallar villokse.  Eg kjøpte flatbiff og laga det som ei viltgryte med rømme, knuste einebær og rognebærgele i.  Mot slutten hadde eg i steikt løk og sopp.  Eg brukte ikkje oppskrift, men om blogglesarane vil ha ei, så bruk gjerne denne.
 Det er ein i huset som er svært glad i focaccia, og det bør helst vere berre med salt og rosmarin.  Fersk rosmarin var ikkje å sjå i butikken før helga, så det måtte bli med tørka.  I går vart brødet servert til eit ostefat.

Focaccia
1/2 pk gjær - eller helst mindre om du har god tid
4 1/2 dl vatn
3/4 ts salt
4-5 ms olivenolje
11-12 dl kveitemjøl

På toppen:
2-3 ms olivenolje
1-2 ts grovt salt
1 ts tørka rosmarin

Smuldre gjæren i bakebollen.  Ha i fingervarmt vatn.  Set til resten av ingrediensane.  Eg brukte brødbakemaskina til å kna deigen (Derfor 4 1/2 dl væske).

Trikset for å få store porar i brødet, er å legge deigen over i ein bolle med rikeleg olivenolje.  Når deigen har heva til dobbel storleik, er det berre å la deigen renne ned på bakeplata og trykke den flat med hendene.
 Når brødet har heva til dobbel storleik att, lagar du groper i brødet med fingrane og fyller dei med olivenolje. Dryss på salt og rosmarin.
Steik focacciaen ved 220 grader i ca 20 minutt.

Stem på årets påskekrim!

Eg har brukt å ha ei lita meiningsmåling på bloggen min i påska der blogglesarane får stemme på årets påskekrim.  I år synest eg TV2 sviktar med berre ein krimserie.  De får seie ifrå om eg har oversett ein påskekrim.

Forhandleren. Med  Dominic King som er  internasjonal gisselforhandlar.
 Whitechapel. Britisk krimserie der DI Chandler og DS Miles er tilbake for å løyse mystiske drapssaker.
 Den som reddast kan. Britisk thriller frå 2010. Dette er "berre" ein film.  Er det berre eg som kunne ha tenkt meg fleire episodar?
Lewis. Nye episodar med Lewis frå Oxford.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...