lørdag 28. april 2012

Veret ...

 ... er vel det store samtaleemnet på Sunnmøre i dag.  Vi ser og høyrer om trasige trafikkforhold i Hovdebakken og på Ørskogfjellet.  Ein fotballcup er avlyst.
 Det er ikkje verst for oss som har mykje å gjere både inne og ute.  I byen er det konfirmasjon.  Eg hadde unnt dei betre ver.  Karamellpuddingane eg laga i går, fekk eg sendt med ei venninne som skulle hjelpe til med servering.
For meg er det berre ein fordel å vere i halvdårleg humør.  Det gjer meg effektiv.I tillegg til å gjere vanleg husarbeid, har eg vaska ned vaskerommet.  Eg reknar med at konfirmasjonsgjestene kjem til å inspisere der, særleg under og bak tørketrommelen. Det er sjølvsagt berre tull.  Men rommet ligg ved sida av kjøkenet og skal brukast til avlastning.  Så seint som oppvaskmaskina mi arbeider, kan det vere greitt å gøyme unna litt forskjellig.

No er det i alle fall gjort, og vi kan ta helg!

God helg til alle blogglesarane!


2 kommentarer:

  1. Kvit plen her også!

    Eg låste vaskerommet i siste konf ;-)

    Lykke til med innspurten!

    God helg!

    SvarSlett
  2. Folk slepp nok ikkje inn på alle rom her heller, men vaskerommet må også passerast for å gå ut på oppsida av huset ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...