lørdag 21. april 2012

Pakke i posten II

I går fekk eg resten av velkomstpakken i hobbyklubben.  I boka til venstre er der mange og spennande oppskrifter.  Denne boka inspirerer til kreativitet.  Garnet som følgde med oppskriftsheftet til høgre heilter Sterk Alpakka).  I følgje ei nettside eg fann, skal det vere muleg å kjøpe meir garn på Hareid om ein skulle trenge det.  Garnet inneheld 20% nylon og kan brukast til lestar.

Dagen i dag har gått med til vasking,  fotballkamp og hagearbeid.  Hareidsjentene vann begge kampane sine i dag.  No står det berre att stryking av bunadsskjorte.  Men først skal eg ha meg litt kaffi.

3 kommentarer:

  1. Kjekk pakke,ja. Eg har begge bøkene (sjølvsagt...).
    Sterk er eit godt garn til mykje. Eg har brukt det til panneband og huer.

    SvarSlett
  2. Det er litt tjukkare enn Hverdags som eg har slått meg på. Vi får sjå. Det vert ikkje begynt på garnet på denne sida av 17. mai!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...