Eg hadde eigentleg tenkt å strikke kufte til meg sjølv, men så hadde frøkna eit sterkt ønske om ein Karpe Diem-genser. Mønsteret er på framsida av den nye hønsestrikkboka, ser eg. Men den ligg og gratis på nett. På pinnar 5 går det raskt å strikke.
Blant strikevenninnene er meiningane delte. Enkelte synest den er tøff, medan andre synest den er direkte stygg. Sjølv er eg i første kategori. Frøkna sjølv seier den er styggpen.
Tror den blir bra eg ;)
SvarSlettEgt synest den er både tøff og stygg! Hadde eg vore nokre år yngre kunne det hende eg ville hatt ein slik. Den er no litt HÆÆÆÆÆRLIG då.
SvarSlettGenseren er i alle fall interessant å strikke. Litt travelt er det med dei lange spranga.
SvarSlettEldstejenta har ein slik, og ein dag i fjor då det var heildagsprøve, tjuvlånte eg genseren fordi den var så utruleg varm. Elevane sperra auga opp, men eg slapp å fryse medan eg sat vakt. Den er kjempetøff! Og så er der mange stilige symbol ("ti kniver i hjertet...")
SvarSlettEg held på med mor og far i døden, trur eg?
SvarSlett