mandag 13. januar 2014

20. dag jul: Resirkulering?

Dette er det som står att etter jula.  Nissen, konglane og sløyfa har eg tatt ut. Då eg valde å kjøpe ein dekorasjon med kvit korg og eføy, var det med tanke på at eg etter kvart kunne skifte ut julestjerna med ein meir vårleg plante. Til helga fyller minstemann 20!  Det er altså 20 år sidan OL på Lillehammer.  Eg bruker å seie at vi kalla han opp etter året han vart fødd: Håkon. Til dagen hans skal det vere primulaer.  Og er der noko mat att frå jul, vert den sett fram til feiringa hans.  Gebursdagskakene hans brukte å vere overlassa med godteri. Eg har kanskje kjøpt nokre nisseseigemenn til halv pris i år og?

5 kommentarer:

  1. Artig å lese !
    Gratulere med dagen til Håkon ! Det var fantastisk spennande dagar rundt fødselen hans :)

    SvarSlett
  2. Ja, den vinteren hugsar eg godt! Ved nyttårstid fraus vatnet på Velle skule og det vart "oversvømmelse" med mykje oppussingsarbeid etterpå. Klassen min + ein klasse til, heldt til på Klubbhuset til ØIL i mange veker, og der hadde vi det kjekt. Og ein dag fekk eg telefon frå Øystein.......gut nr.3 var komen til verda. OL var det andre store det året, og dei to klassane på klubbhuset slo seg saman rundt det eine TV-apparatet og såg fleire av sendingane. Mange gutan som vart fødde den vinteren fekk namnet Håkon- etter OL-maskoten. Og vinter var det! Med både snø og is.At det er heile 20 år sidan, er vanskelig å forstå.

    SvarSlett
  3. Eg hugsar best då mora til Håkon og eg var på januarsal i "bya" og gjekk til feil kai då vi skulle ta båten til Hareid att. Såleis fekk vi tidsnaud og måtte springe til rette kaia, og den høggravide med fem fulle handleposar sa medan ho sprang: "eg held netta framfor magen så ikkje nokon ser den"....

    SvarSlett
  4. Det var den tida dei hadde ting i bya vi ikkje fekk tak i bygdene her omkring ... Ei kjekk tid!

    SvarSlett
  5. Så artig Solveig! Midt i guten vår vert 20år 22.januar. så då er dei svært jamgamle. Gratulere med dagen i huset! Ol hugsar eg også godt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...