fredag 3. januar 2014

Vest i Soft alpakka

I jula strikka eg ferdig denne vesten til meg sjølv i Soft alpakka.  Det gjekk fort på pinnar nummer 6.

Oppskrifta fann eg i dette heftet frå Sandnesgarn.

Det er sjeldan eg strikkar to plagg frå same heftet, men her fann eg også ein herregenser som eg strikkar til mannen.

Det er alltid kjekt å ha nye kle til skulestart anten det er etter sommaren eller etter jul.  I går var eg heldig og fann ein blå bluse i same farge som ei bukse eg hadde frå før.  Vesten kan og brukast til svart, meiner eg.

2 kommentarer:

  1. Vesten blei veldig fin! Nydeleg farge!!

    SvarSlett
  2. Takk! kjekt med noko som er fort å lage også innimellom!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...