onsdag 1. januar 2014

Blogging 2014

Kvart år har eg tatt opp spørsmålet om eg skal halde fra med bloggen, og om eg skal ha daglege blogginnlegg. Til no har svaret på begge delar vore "ja". Les gjerne kva eg skreiv i fjor. Åra før finn de med å klikke vidare.

I ein periode før jul gjekk lufta litt ut av ballongen. Det er ikkje alt ein vil legge ut på nett, sjølv om det er det dei som kritiserer kvardagsbloggarar meiner vi gjer.

Travle tider
I enkelte periodar har ein det spesielt travelt.  Men det betyr ikkje at ein vil skrive om det kvar dag.  Det verkar sytete, og ein har til ein viss grad valt det sjølv. Valet står gjerne mellom å legge ut eit bilde med ein enkel tekst eller å ha bloggfrie dagar.

Flink, flinkare, flinkast
Før jul kan ein bli heilt matt av å vere på sosiale medium.  Folk bakar, lagar mor, strikkar, pyntar, rettar og handlar.  Juletrea er pynta til advent kan ein få inntrykk av. Lista er lang. Faren er at ein legg saman alt andre får gjort.  Alle gjer ikkje alt.

Kritikkfritt
Eg synest det er kjekt å sjå kva andre gjer. Ein kan hente idear frå andre. Eg legg ikkje ut bilde av det eg har gjort for å skryte. Men det er kjekt med positive tilbakemeldingar på det ein har gjort. Både strikkesida på facebook og bloggane er ei (negativ) kritikk-fri sone. Det kan vi vel alle ha behov for?

2014
Slik eg ser det no, kjem eg nok til å halde fram med blogginga også i 2014.  Eg vil berre vere forsiktigare med å love innlegg kvar dag. Blogglesarane får også bere over med enkle innlegg.

Eg har nokre innlegg som skal skrivast i dagane som kjem
- Potetball
- Ei enkel melding av Gunda si bok om potetball m.m.
- Årets bok/bøker 2013

Godt nytt bloggår!




5 kommentarer:

  1. Godt nytt år!Glad for at du skal forsetje å blogge:)Likar bloggen din veldig godt,spesielt innlegg med oppskrifter.Lykke til!!

    SvarSlett
  2. Godt at du vil halde fram med blogginga.
    Eg har liknande tankarom det å blogge. Kjenner eg greier ikkje halde tritt med alle vellukka og ofte spennande innlegga eg les.
    Ofte er naudløysinga eit enkelt bilde med lite tekst. Heller ikkje har eg lyst å utlevere dårlege dagar. Bloggen skal vere min fristad..

    SvarSlett
  3. Eg er glad for at du bloggar. Du har berre fornuftige tankar og refleksjonar etter mitt syn, og ein lærer mykje om mat!

    SvarSlett
  4. Liker bloggen din fordi den er så enkel og hverdagslig.
    Ikke noe glansbilde av et hjem, men fint og koselig.
    Og så har du mange flotte ideer til enkel og god mat
    alle kan klare å lage.
    Glad du velger å blogge videre.
    Ønsker deg en flott oppstart på et nytt år :)

    SvarSlett
  5. Takk alle saman!
    Oppskriftene eg legg ut er gjerne frå jobb, altså skulerelaterte. Lagar eg noko frå andre bøker, synest eg ikkje det er rett å kopiere dei.
    Eg er einig i at bloggen skal vere ein fristad, alttså lystbetont.
    Frå heimen vert det for det meste vist fram kjøkenbordet. Huset vårt er modent for oppussing. Får vi til noko i 2014, skal de få sjå ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...