Til no har 2014 vore mild. Den første snøen kom i går. I dag har det berre kome litt til.
Får vi ein litt lengre kuldeperiode, vil det fryse skeiseis på vatnet.
I dag gjekk eg og ei venninne ein tur midt på dag. Det er herleg med dagslys!
Middagen vart heller lettvint: Kyllingår med ris, saus og salat. I går laga eg sju kilo blandaballj, så eg var ikkje særleg motivert for å bruke lang til på søndagsmiddagen i dag.
Vi rydda vekk det meste av julepynten før helga. Dukar og handdukar er vaska og tørka. Men amaryllisane må no få pynte opp! Og lysa er det ikkje noko vits å "spare" på. Så i dag fann eg fram nokre raude serviettar. Observante lesarar vil kanskje sjå at eg har dekka på til ein ekstra, studenten som er i Oslo ...
Blandaball er det jammen lenge sidan eg åt. Takk for at du minte meg på det.
SvarSlettDet var nok ein fin tir i dag, i den klare og kalde dagen.
Fin ny veke til deg !
Takk for det!
SvarSlettEg er så heldig at eg får fiskefarse frå far min, og mannen skrellar poteter. Herleg tur i dag!
Fine vinterbilete! I dag har det vore kuldegrader i Rogaland også, men vi har ikkje fått noko snø endå. Men kanskje i morgon... håpar eg...
SvarSlett