søndag 12. januar 2014

Mild vinter?

 Til no har 2014 vore mild.  Den første snøen kom i går.  I dag har det berre kome litt til.
 Får vi ein litt lengre kuldeperiode, vil det fryse skeiseis på vatnet.
I dag gjekk eg og ei venninne ein tur midt på dag.  Det er herleg med dagslys!

Middagen vart heller lettvint: Kyllingår med ris, saus og salat.  I går laga eg sju kilo blandaballj, så eg var ikkje særleg motivert for å bruke lang til på søndagsmiddagen i dag.

Vi rydda vekk det meste av julepynten før helga.  Dukar og handdukar er vaska og tørka.  Men amaryllisane må no få pynte opp!  Og lysa er det ikkje noko vits å "spare" på.  Så i dag fann eg fram nokre raude serviettar.  Observante lesarar vil kanskje sjå at eg har dekka på til ein ekstra, studenten som er i Oslo ...


3 kommentarer:

  1. Blandaball er det jammen lenge sidan eg åt. Takk for at du minte meg på det.
    Det var nok ein fin tir i dag, i den klare og kalde dagen.
    Fin ny veke til deg !

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Eg er så heldig at eg får fiskefarse frå far min, og mannen skrellar poteter. Herleg tur i dag!

    SvarSlett
  3. Fine vinterbilete! I dag har det vore kuldegrader i Rogaland også, men vi har ikkje fått noko snø endå. Men kanskje i morgon... håpar eg...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...