torsdag 28. februar 2013

Pakka og klar!

 Når eg reiser på byferiar saman med mann og eventuelt born, ber gjerne han ein sekk og alt eg kjøper.   No må eg greie meg sjølv.  Ikkje vil eg utmerke meg heller. Er det bygdis med eit "usynleg" magebelte til pass og bankkort? Så eg fann ut at eg måtte kjøpe meg ei ny skinnveske.  Denne fann eg på Røyset sko på Blåhuset.  Eg fall for den mjuke, praktiske og fine veska.
Den har ei glidelåslomme i midten der ein kan legge lomebok og pass, ganske tjuverisikkertt skulle ein tru.  Reima er crossover, seier dei.  Veska skal berast med reima over hovudet.  Eg trur det skal gå bra.  Men eg har med magebelte i tilfelle eg vil gå ut  utan å dra på ei veske.


Ei siste trøyst er at om eg skulle gløyme noko, så er det meste å få kjøpt i London!

Bok 10: Den aller ondeste

Denne boka vart lesen etter inspirasjon frå forfattarbesøket i haust.  Desse Marg og bein-bøkene har vi fleire av på skulebiblioteket. Det er ein grøssarserie for born og ungdommar.

Boka handlar om kampen mellom det gode og det vonde.  Er nokon berre vond eller god?

Eg trur boka kan lesast som den er, slik born oftast gjer, eller på eit litt høgare plan.  Akkurat det er eit kvalitetsteikn.  Sjølv er eg ikkje så glad i oppdikta verder.  Her må ein vere med på eventyr.



onsdag 27. februar 2013

Flott undervisningsopplegg!

 Vi har i mange år hatt "Fiskesprell" på timeplanen i januar.  I år har materiellet vore underomarbeiding, så det kom seint, men godt. Kven som står bak, finn de her.
 Eg er imponert over hefta.  Dei har verkeleg sett seg inn i læreplanen og teke utgangspunkt i han.
 I elevheftet finn ein oppskrifter og grunnteknikkar.
Apropos fiskekaker.
 Forslag til undervisningsopplegg.
 Vurdering slik vi lærte det i Volda.

Sjekk den oransje ruta.  
Fleire kloke ord.

Eg er svært nøgd med det nye opplegget - og ser fram til å ta det i bruk.  Eit stort pluss for at både lærarrettleiing og elevhefte er på nynorsk!

Skulle eg sette fingeren på noko, må det vere at oppskriftene er noko store.  Dei høver godt heime til ein familie på fire, men på skulekjøkenet må dei halverast.

tirsdag 26. februar 2013

Londonguide

For to år sidan var eg i London.  Det var ei fantastisk oppleving!  Når ein reiser frå eit feriemål, ser ein seg ofte attende og tenker: Kjem eg nokon gong attende hit?  Eg håper eg får høve til det!

Fredag skal eg reise saman med gode kollegaer på ein firedagarstur til London.

Han som eg vanlegvis reiser saman med, er ein kløppar til å orientere seg.  Ikkje treng han GPS heller for å finne fram.  Sjølv har eg ikkje noko problem med å rote meg vekk på dei minste stader.  No har eg innsett at det kanskje ikkje berre er noko som dett ned i hovudet hans heller.  Det har kanskje med evne, men nokså sikkert også med vilje å gjere. Eg skal prøve å sette meg inn i eit enkelt kart og ei oversikt over t-banenettet.

No kan vi berre gle oss!

mandag 25. februar 2013

Bok 9: Demonen som gråt

Frå coveret:
Den tyske forbundskansleren er på flytur over Grønland for å studere følgene av global oppvarming. Synet som vekker størst oppsikt er imidlertid liket av en ung kvinne som sitter nedfrosset i isen, halvnaken og bundet, hundrevis av kilometer fra nærmeste bygd. Hjemme i København må førstebetjent Konrad Simonsen erkjenne at offeret og drapsmetoden har slående likheter med en gammel sak han var innblandet i – og som endte i et tragisk justismord. Snart oppdager han at omfanget er enda større enn han fryktet, og at en seriemorder er løs. Saken har forgreninger til hans egne medarbeidere i drapsavsnittet, og mektige krefter ved Statsministerens kontor vil strekke seg langt for å holde på en politisk hemmelighet.

Dette er den andre krimromanen i serien søskenparet skriv saman. Det første som slo meg, var at no vil dei skrive om global oppvarming og bruke krimsjangeren for å få fram bodskapen.  Ein slik roman er det ikkje. Romanen inneheld alle moment frå ein seriemordarroman.  Det toppar seg når ei politikvinne vert fanga, og spørsmålet verty om dei skal finne henne i live.

Eg både likte og ikkje likte romanen.  Jau visst er den spennande. Ein får sansen for personane.  Det er likte minst, var sjølve oppbygginga.  Det vert vel finurleg.  Eg trudde romanen slutta etter sju CD-ar, men så var det fire att.  Eg ser at anmeldaren i VG synest dette er greitt.  For meg vart det hakket for mykje. Om eg kjem til å lese fleire i serien om eg skulle finne dei på biblioteket?  Svaret er nok ja ...

søndag 24. februar 2013

Sol over stadion

I dag har eg vore på årets første fotballkamp.  Høddlaget vann 4-3 over Hasundgot som lenge leia 2-0.  Nummer 14, som har ballen på bildet, scora 3-2 målet.

Elles er eg så heldig å ha arbeidsplass rett ved sida av kunstgrasbana.  Eg tok meg ei arbeidsøkt der før kampen. Det er greitt å vere godt budd både praktisk og teoretisk.

lørdag 23. februar 2013

Enklare brød

 I år har eg kjøpt berre ei kokebok på Mammutsalet.  Det er ei bok eg har sett på før, men det er skilnad på å kjøpe ei bok til nærare 400 kroner og ei til 129.
 Eg innbiller meg at ideen med desse langheva brøda, særleg grytebrøda, kom frå USA.  Det dukka opp videoar på YouTube.

I Enklare brød er det knaefrie brød som er temaet.  Dei vert steikte på plate eller i form. Her er ein del teori rundt dette.  Oppskriftene er delte i tre
1. Langheva brød.
2. Heve- og brette-brød.
3. Brød som er baka på surdeig.
Dei brøda eg har baka, er i den første delen.  Ein rører saman deigen om kvelden og bakar brøda etter 8-10 timar eller litt meir.  Desse høver godt i helga - også fordi dei ikkje er så grove.
Oppskriftene er på 3 dl vatn, så eg valde nok litt for store former. 1 1/2 liter hadde vore meir passeleg.  Det er viktig å syte for at det er damp i omnen.

Og brøda?  Dei er berre kjempegode!  Eg laga eit med aprikosar og valnøtter.  Saman med ost er dette godt til både kaffi og te.

Eg har tidlegare lagt ut oppskrift på grytebrød her.

fredag 22. februar 2013

Fiskekaker

I dag har eg laga fiskekaker av 2,5 kg fiskefarse.  Litt eksperimentering vart det og etter diskusjonen om muskat eller ikkje muskat.  Eg laga først ein porsjon med og ein utan. Dei med vart best! Oppskrifta fann eg i "Frå bollar til burritos" frå 1998.  For dei som ikkje har laga fiskekaker før, kan det vere lurt å starte med denne.  Sjølv har eg prøvd mange, men kjem tilbake til denne.  Eit alternativ er å lage fiskekarbonadar med løk i. Eg doblar oppskrifta i min foodprosessor.

Eg bruker ikkje å ete når eg lagar mat, men når eg steiker fiskekaker er der ein del svinn, må eg innrømme ...
Fiskekaker
250 g fersk fiskefilet
1/2 ts salt
2 ts potetmjøl
1/2 krm pepar
1/2 krm muskat
ca 1 dl lettmjølk''

1. Del fiskefileten i bitar og legg dei i ein matprosessor saman med salt, potetmjøl og krydder. Køyr blandinga nokre sekund.
2.  Spe med iskald mjølk.  Køyr til farsen er fin og jamn 30-40 sekund.
3. Form farsen tilrunde, sprekkfrie kaker med ei matskei dyppa i kaldt vatn.
4. Lat margarin/olje bli lys brun i ei steikepanne og steik fiskekakene pent brune på begge sider ved middels varme.

Eg serverte kokte poteter, blomkål, raspa gulrot, sylta raudbetar, rømme og smør til.
 Journalisten kom att frå Tyrkia i dag tidleg, så vi var fem til middag.  De hugsar kanskje at eg vann 100 serviettar?
Nokre avleggarar som har røtt seg.
Elles har eg baka eit enklare brød i dag.  Eg gløymde å ha frø i deigen.  Framhald kan følgje, for dette var kjempegodt!

Gratulerer Audun!

I dag kan vi gratulere Audun med 23-årsdagen!

Bildet fann eg på facebook.  Det er frå Cubaturen, om nokon stussar på sigaren.

Eg håper han får ei fin feiring i hovudstaden der han studerer juss på fjerde året!


torsdag 21. februar 2013

Blandaballj og andre bollar?

 I går var det familietreff hos systera mi.  Vi nytta høvet til å hente bilen til eldstemann som stod parkert der i staden for ved flyplassen.  I morgon kjem han heim att på Vigra flyplass.  Far min hadde laga til ein stor balje med fiskefarse i bagasjerommet.  Det første eg fekk lyst på, var blandaballj.  Eg sjekka oppskriftene i "Go'bitar frå besta si kokebok".  Der var det muskatnøtt i og dobbelt så mykje salt som i mi eiga oppskrift. Eg gjekk for mi eiga.  Attåt serverte eg rabbe(kålrot) og gulørøter og så steikte eg flesk som eg har laga etter oppskift i "Go'bitar frå besta si kokebok".  Før jul fekk ein kjøpte tynnribbe til ein rimeleg penge.

Kva seier blogglesarane: Skal det vere muskatnøtt eller muskatblomme i blandaballj.  Eg har ikkje vakse opp med denne retten.  Elles meiner eg å ha lært ein hugseregel: Muskatnøtt til kjøtt - ergo muskatblomme til fisk?
 Mor mi hadde strikka ferdig ein genser til i går.  Vi har tatt opp att eit gammalt samarbeid: Ho strikkar, eg monterer. Jobben får eg fordi eg er den mest pirkete i familien, når det gjeld handarbeid.
I staden for å risikere å ta opp att arbeidet, tråklar eg ein del.
 Og i dag kom endeleg bokpakken min!  Eg synest å hugse at Gunda var på bakekurs med forfattaren av "Enklare brød" omtrent samtidig som eg var på kurs med Morten Schakenda.  Det er artig å prøve ulike metodar!  Kanskje det vert sett ein deig i kveld?


onsdag 20. februar 2013

Fjell

I går la ein bloggar ut bilde frå sine fjell.  Her er vårt i dag!  Sola klivrar Melshornet 12. februar, så no kan vi ha sol heile dagen.

Om ikkje lenge skal vi passere Ivar Aasen si heimbygd, der eg har vakse opp.   Vi vaks sjølvsagt også opp med dikta hans.

Dei gamle fjelli
Dei gamle Fjell i Syningom
er alltid eins aa sjaa,
med same gamle Bryningom
og same Toppom paa.
I Bygdom byggja Sveinarne,
og Huset stender laust;
men dei gamle Merkesteinarne
dei standa lika traust.

Paa Fjellom er det leikande
aa ganga til og fraa
og kring um Toppen reikande
so vidt um Land aa sjaa:
til Havet kring um Strenderna
med Skip som Fuglar smaa,
og til Fjelli kring um Grenderna
med tusund Bakkar blaa.

Der er so mange Hendingar
i Bygdom komne til;
me sjaa so mange Vendingar
alt paa eit litet Bil.
Dei hava snutt um Vollarne
og flutt og rudt og bygt;
men dei gode gamle Kollarne
dei standa lika trygt.

So stod dei gjenom Tiderna,
vel mange tusund Aar;
og Graset voks um Liderna,
og Lauvet kom kvar Vaar;
og Vinden tok um Topparne
og Vatnet tok um Fot;
men dei gilde gamle Kropparne
dei toko traust i mot.

Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad' etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.

tirsdag 19. februar 2013

Vår inne, vår ute?

 I dag har vi hatt sol her, berre unnateke ti minutt då eg var ute og skulle fotografere.

Blogglesarane hugsar kanskje den nydelege fuksiaen eg fekk av systera mi i sommar.  Den har stått kjølig etter at den fekk seg ein lusekur.
 No kjem det nye skot.
 Det er lett å tru at det er vår i hagen og, men der heng vbinteren i.  Eg fann eit par vårteikn. Det er kjekt når slike primulaer ein har hatt inne, overlever neste vinter!
Skal tru om dette er perleblomstrar?  I fjor planta eg ut mange lyseblå.  Mørke hadde eg frå vanlege løkar.  Time will tell!

mandag 18. februar 2013

Første fridag

Førre veke handla eg mat berre to gonger.  Også i dag har eg halde meg heime. Det betyr ikkje at eg ligg på latsida. I går gjekk eg rundt vatnet, og det skal eg gjere i morgon også.  På føremiddagen retta eg eine bunken min.
Som så ofte før, har eg tenkt å tære på lagera. Ei venninne som eg fekk besøk av, er svært glad i sjokoladekake.  Oppskrifta fann eg i Sverre Sætre si kakebok, som også er på Mammutsal.
I matbua fann eg ingrediensar til "Verdens beste Brownies".  Ingrediensane er litt meir eksklusive enn i den eg har laga før.  Rett nok hadde eg ikkje 70% sjokolade. Julenøttene kjøpte eg på halv pris, så eg brukte like godt to pakkar.  Der har du meg.
Eg steikte kaka på ti grader lavare enn i boka.  Min omn steiker litt hardt.  Likevel vart det kanskje litt for lenge.  I dag servert eg kaka med piska krem og bringebær frå frysaren som eg sukra lett.

søndag 17. februar 2013

Kva er karri? - og ei bokanbefaling

 I morgon startar Mammutsalet.  Ei av bøkene som eg har og som eg vil anbefale, er Krydderleksikon.  Eg skreiv om det her. Alle matinteresserte bør sikre seg dette no når det har kome til halv pris.
Ein kan finne utruleg mykje informasjon om kvart krydder.  Det er også greitt å få vite kva dei ulike kryddera  heiter på ulike språk, i tilfelle ein tek med seg krydder heim frå utanlandsturar.

Karri
Om karri kan ein lese at det er eit blandingskrydder med fem til 20 ulike krydder.  Gulfargen kjem frå gurkemeie.  Vår karriblanding er britisk.

Ordet curry er avleia av det tamilske ordet kari, som eigentleg tyder saus. På engelsk vert omgrepet curry nytta om krydra, indiskinspirerte gryterettar.  Dette er kanskje forklaringa på namnet på gryteretten oksekarri?

Oksekarri


Ein ny gryterett frå skulekjøkenet.  Ver merksam på at sausen kan sjå litt tjukk ut når ein har i tomatane, men dei saftar seg når dei småkokar med loket på gryta.

300 g biff, i terningar
1 liten løk, i tjukke skiver
2 ts frisk ingefær
1 fedd kvitløk, finhakka
2 ms rapsolje

2 ts malen koriander
1 krm kardemomme
½ ts chilipulver
1 krm malen muskat
1 ts sukker
1 ts salt
1 boks hakka tomatar

  1. Varm oljen i jerngryta.  Brun kjøtet og løken saman med ingefæren og kvitløken.
  2. Tilset resten av ingrediensane og lat retten trekke ½ time.

Kokt ris

3 ½ dl vatn
1 krm salt

1 ½ dl ris

  1. Kok opp vatn og salt i den svarte titanpanna.
  2. Ha i risen og kok den på svak varme under lok i 15 minutt.
  3. Slå av plata og lat risen stå med loket på i 5 minutt til.

lørdag 16. februar 2013

Bok 8: Agnes i senga

I byrjinga av romanen møter vi ei djupt nedtrykt Agnes.  Sambuaren har gjort det slutt med henne etter seks år, og han har slått seg saman med ei ny dame.  Agnes fantaserer om si eiga gravferd.

Etter kvart som ho ser attende på dette kjærleiksforholdet vert i alle fall vi lesarane glade på hennar vegne.  Det viser seg at ho hadde fått mange hint som ho ikkje hadde tatt.

Sakte, men sikkert går livet vidare. Vi følgjer Agnes sine krumspring.

Eg synest romanen er godt komponert.  Gravferdsmotivet går att.  Og her er herleg humor.  Ein ser det til dømes føre seg når ho ligg og ser Dr. Phil show om føremiddagane og plukkar opp ti steg for å endre livet sitt.

Romanen er lettlesen og eit godt avbrekk frå krimromanar - som eg har lett for å ty til.

P.S.
Og om nokon lurer på kva ord og uttrykk som kan lesast begge vegar heiter, så er det PALINDROM.

fredag 15. februar 2013

Biff stroganoff


Biff Stroganoff

300 g flatbiff (Vi brukte entrecote(utt: angtrekått) i strimlar
1 ms flytande margarin

2 ms kveitemjøl

3 ms tomatpuré
1 ts sennep
2 ½ dl vatn
1 ½ dl mjølk

1 løk i skiver
100 g sjampinjongar, i skiver
1 ms olje
½ ts salt
½ krm pepar

  1. Brun kjøtet i olje/margarin i jerngryta. Strø på kveitemjølet og bland godt.
  2. Tilset tomatpuré, sennep, vatn og mjølk.
  3. Lat alt trekkje like under kokepunktet, minst 30 minutt.
  4. Brun løken og soppen i woken, og ha det over i gryta.
  5. Lat retten trekkje vidare ca 5 minutt til kjøtet er mørt.
  6. Smak til med salt og pepar.


Kokt ris

3 ½ dl vatn
1 krm salt

1 ½ dl ris

  1. Kok opp vatn og salt i den svarte titanpanna.
  2. Ha i risen og kok den på svak varme under lok i 15 minutt.
  3. Slå av plata og lat risen stå med loket på i 5 minutt til.
Ein kan sjølvsagt servere grønsaker,  poteter eller potetmos til.
Bildet er tatt på skulekjøkenet med mobilen.

Vinterferie og ei kjensle av vår?

Vinterferie
I dag kan vi sjå fram til ei heil veke fri.  Rett nok har eg fem klassesett med prøver i sekken, men eg trur det skal gå relativt greitt å rette dei.  Då har eg og fått unna prøver for ei stund.  Eg har ei kjensle av at perioden fram til påske vil gå svært raskt, ikkje minst fordi der ligg ein Londontur midt i.

Vårkjensle
Det er kanskje å ta hardt i at ein får vårkjensle?  Snøen smeltar ute, og inne kan ein kjøpe seg litt vår.  Eg erstatta perleblomster med narsissar i dag.  Perleblomsterløkane skal plantast ut.  Eg er spent på om dei frå i fjor har overlevd vinteren.

Ny etikett
I mat og helsefaget bruker vi mest mogeleg kokeboka "Kokebok for alle".  Men no på våren får elevane velje kva dei vil lage av ulike råvarer.  Då finn vi oppskrifter på nett, i kokebøker og i brosjyrar. Desse oppskriftene er ikkje alltid like lette å forstå for 9. klassingar.  Eg endrar ofte på oppskrifter etter kvart som eg ser kvar problema ligg.  Eit enkelt døme er at dei gløymer å sette på omnen. Mine oppskrifter startar derfor ofte med nettopp "Set omnen på ...". Vaksne lesarar får ta oppskriftene for det dei er. Eg kjem til å merke dei med "Skulekjøken". Eg legg ut lenkjer på facebooksidene til elevane, så finn dei oppskriftene her.  Først ut er biff stroganoff. 

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!

torsdag 14. februar 2013

Søtpotetsuppe

 Enkelte dagar er middagen min ei brødskive med makrell i tomat.  I dag åt resten av familien tacorestar.  Før fotballspelaren kom att, slo eg til og laga ei suppe av eit par søtpoteter eg kjøpte i glede av å finne produktet i butikken.  Før har eg berre omnsteikt søtpoteter.
Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift som kan brukast til ulike grønsaksupper.

2 små/1 stor løk
2 båtar kvitløk
1-2 ms olivenolje 

300-400 g grønsaker (Her: 2 søtpoteter)
1 boks kikerter (eg brukte ca. 200 g kokte)
5 dl vatn
1 buljongterning

salt og pepar etter smak

Surr løk og kvitløk i olje før du har i resten av ingrediensane.  Kok til grønsakene er møyre.  Mos suppa med stavmiksar.  Smak til.  Ein kan også ha urter og/eller eplesider- eller balsamicoeddik i suppa.  Ha i meir vatn eller litt mjølk dersom suppa vert for tjukk.

Noko steikt bacon hadde vore godt i, fekk eg høyre i dag.  

Suppa kan sjølvsagt brukast til forrett eller til kveldsmat med godt brød til.

onsdag 13. februar 2013

Katalogen er komen

 Det er i grunnen med boksal som det er med anna sal, det er sal heile året.  På ark.no er det kokeboksal eit par gonger i året, har eg oppdaga. Og eg er flink til å unne meg ei bok å bla i.  Blad har eg kutta ut å kjøpe.  Der var med andre ord ikkje så mange kokebøker eg ønska meg i årets katalog, ja kanskje sett vekk frå "Enklare brød" då.
 Medan kokebokutvalet var stort, synest eg det var relativt få hobbybøker.  Men hekleboka har eg lånt på biblioteket, og så er der ei strikkebok i same serie.  Ho glei også ned i "handlekurven" på ei nettside.
Om det er nokon av blogglesarane som ikkje har Gunda si kokebok Smalhans, som eg ofte har vist til, ja, så har de sjansen på eit kupp no.

tirsdag 12. februar 2013

Bok 7: De fem fyrstikkene

Eg trur eg har hoppa over den tredje boka om K2 av Lahlum.  Hovudpersonen har i alle fall fått seg kjærast utan at eg har fått det med meg.

Denne fjerde boka inneheld tre historier som K2 og Patricia løyser saman.  Alle skjer på 70-talet.

Eg likte best den siste "De fem fyrstikkene".  Dette er gammaldagse mysterium, og det er sjølvsagt kjekkast når du greier å løyse dei før krimhelten.  Det er noko fascinerande med Lahlum sine bøker.  Språket står godt i stil med innhaldet.

I går lånte eg denne boka på bybiblioteket. Eg begynte så vidt å lytte til den på heimvegen.  I tillegg har eg begynt på "Agnes i senga".  Det tek si tid før den tek laus, synest eg, men skal gi den ein sjanse til.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...