mandag 25. februar 2013

Bok 9: Demonen som gråt

Frå coveret:
Den tyske forbundskansleren er på flytur over Grønland for å studere følgene av global oppvarming. Synet som vekker størst oppsikt er imidlertid liket av en ung kvinne som sitter nedfrosset i isen, halvnaken og bundet, hundrevis av kilometer fra nærmeste bygd. Hjemme i København må førstebetjent Konrad Simonsen erkjenne at offeret og drapsmetoden har slående likheter med en gammel sak han var innblandet i – og som endte i et tragisk justismord. Snart oppdager han at omfanget er enda større enn han fryktet, og at en seriemorder er løs. Saken har forgreninger til hans egne medarbeidere i drapsavsnittet, og mektige krefter ved Statsministerens kontor vil strekke seg langt for å holde på en politisk hemmelighet.

Dette er den andre krimromanen i serien søskenparet skriv saman. Det første som slo meg, var at no vil dei skrive om global oppvarming og bruke krimsjangeren for å få fram bodskapen.  Ein slik roman er det ikkje. Romanen inneheld alle moment frå ein seriemordarroman.  Det toppar seg når ei politikvinne vert fanga, og spørsmålet verty om dei skal finne henne i live.

Eg både likte og ikkje likte romanen.  Jau visst er den spennande. Ein får sansen for personane.  Det er likte minst, var sjølve oppbygginga.  Det vert vel finurleg.  Eg trudde romanen slutta etter sju CD-ar, men så var det fire att.  Eg ser at anmeldaren i VG synest dette er greitt.  For meg vart det hakket for mykje. Om eg kjem til å lese fleire i serien om eg skulle finne dei på biblioteket?  Svaret er nok ja ...

7 kommentarer:

  1. Hugsar at eg har lese denne boka, men hugsar ikkje om eg likte den. Det er ein ting med krimbøker når ein les så mange, og det er at det er vanskelig å halde dei frå kvarandre. Men den ligg kanskje på bloggen min.

    SvarSlett
  2. Eg prøvde å søke, men den kom ikkje opp. Ein vert nok noko kresen etter kvart når ein les så mykje krim som eg gjer.

    SvarSlett
  3. Har du høyrt eller lese Svik av Trude Teige? Eg ga meg på den fordi eg ikkje blei fortruleg med den kvinnelege opplesaren. Såg føre meg forfattaren, og dette blei kollisjon. Får ta att boka i papirform. Eg likar best mannlege opplesarar.

    SvarSlett
  4. Ja, eg har lese dei. Der er opplesarar som irriterer. Spesielt ein som legg trykk på siste staving uansett.

    SvarSlett
  5. Forresten så bestilte eg brødboka di på mammut i dag. Og nye høyretelefonar. Kjekt med netthandel, men er veldig disiplinert mot kva eg har vore..

    SvarSlett
  6. Det forstår eg. No har eg hatt mine øyretelefonar lenge, kanskje fordi eg ikkje puttar I-poden i lomma.
    Brødboka kan du spare inn att på gjærbruken - 3 gram pr brød ;-)

    SvarSlett
  7. Den kjøpte eg også, men har ikkje prøvd oppskriftene enno. Når eg gjeld opplesarar likar eg best litt eldre menn. Nils Ole Oftebro er ein favoritt. Men den vakraste stemma eg har høyrt på lydbok er Jan Erik Vold.Eg har lese SVIK, men hugsar ikkje så mykje. Den ligg på bloggen min, så eg kan sjekke.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...