Frå coveret:
Tolv år gamle Adam Ryan lekte i skogen sammen med de to beste vennene sine en vakker solkinnsdag. Han så dem aldri igjen. Tjue år senere er Adam, eller Rob som han kaller seg nå, etterforsker i Dublin-politiet. Kollegene kjenner ikke til bakgrunnen hans som offer for en forbrytelse. Partneren hans er Cassie Maddox. Rob og Cassie får saken da en jente blir funnet drept på et steinalter midt i en arkeologisk utgravning. Først da de kommer til åstedet skjønner Rob at dette er det samme stedet som der vennene hans forsvant den gangen for lenge siden. Og da de finner en hårspenne som han gjenkjenner som en venninnen hans hadde, melder spørsmålet seg: Er det en sammenheng mellom det som skjedde den gangen og mordet de skal etterforske nå? Rob vet at dersom han avslører sin fortid for andre enn Cassie kommer han til å bli tatt av saken; han tar en skjebnesvanger avgjørelse om å tie. Sammen med Cassie skal han oppklare mordet på Katy Devlin, og han håper at han dermed også vil løse gåten i sin egen fortid.
Dette er visst den første romanen av forfattaren, heldigvis. Så har eg starta på rett plass. Eg les som regel bøkene og gjer meg opp ei meining om dei før eg les på nett kva andre meiner. Denne romnanen har det eg kallar X-faktor. Etterforskarane har spennande personlegdomar. Krimhistoria går føre seg i notid, men den har kanskje samband med hendingar i fortida.
Det einaste eg er usikker på om eg liker, er slutten. Krimgåta i notid er godt oppnøsta. Det er noko som minner om Karin Fossum sine bøker. Då tenker eg på ulike menneskeskjebnar. Eg liker at ein vert presentert for ulike problemstillingar om skuld og straff. Det forundrar meg ikkje at romanen har fått fleire prisar.
Hugsar vagt at eg har lese boka, og at eg likte den ganske godt. Elles går bøkene eg les stort sett inn eine øyret og ut att det andre-bokstavleg talt.
SvarSlettEg måtte heilt tilbake til 2008 for å finne boka på bloggen min, så det er ei stund sidan eg las den. Men eg hadde gitt den god kritikk.
SvarSlettTakk for tipset.
SvarSlettEg har høyrt om den, men ikkje lese den.
Eit spørsmål til sist.
Eg serverte pavlovakake i dag, botnen var vanskeleg å
få delt med spaden. Seig nedst i botnen.
Eg hadde ikkje potetmjøl i, berre eggekvitar og sukker.
Har du eit tips ? Trur det var slik sist eg laga også.
Heime har eg laga den utan potetmjøl. Då pyntar eg dem gjerne tre-fire timar før vi et den. Då er den passeleg. På skulekjøkenet laga vi botnen i avisa. Der vart den servert etter ein halv time. Det gjekk fint. Kanskje potetmjølet er viktigare enn eg har trudd?
SvarSlett