Førre veke handla eg mat berre to gonger. Også i dag har eg halde meg heime. Det betyr ikkje at eg ligg på latsida. I går gjekk eg rundt vatnet, og det skal eg gjere i morgon også. På føremiddagen retta eg eine bunken min.
Som så ofte før, har eg tenkt å tære på lagera. Ei venninne som eg fekk besøk av, er svært glad i sjokoladekake. Oppskrifta fann eg i Sverre Sætre si kakebok, som også er på Mammutsal.
I matbua fann eg ingrediensar til "Verdens beste Brownies". Ingrediensane er litt meir eksklusive enn i den eg har laga før. Rett nok hadde eg ikkje 70% sjokolade. Julenøttene kjøpte eg på halv pris, så eg brukte like godt to pakkar. Der har du meg.Eg steikte kaka på ti grader lavare enn i boka. Min omn steiker litt hardt. Likevel vart det kanskje litt for lenge. I dag servert eg kaka med piska krem og bringebær frå frysaren som eg sukra lett.
Er så kjekt med slike kjekke tips!
SvarSlettTakk for du delar :)
Ikke dumt å bruke slike nøtter i kaka.
SvarSlettDet skal jeg huske.
Ha ei riktig god vinterferieuke :)