søndag 10. februar 2013

Mors dag

 I dag vakna eg til vaflar til frukost. Det vanka helsing med "verdas snillaste mor" her også. Til middag samlast dei som kunne kome, slik vi ofte gjer søndagane.
Det er viktig å kome seg ut og få frisk luft og dagslys!  I dag merka eg at det var mykje kaldare ved elva enn på gangvegen.  Bak huset viste målaren åtte minus.
Eg har fått både konfekt og orkidéar.  Og så må eg tilstå at eg sikra med ein Finn Schöll-vase på coop kupp.  Buketten frå målstafettdagen hadde begynt å få visne blad, men eg redda det som var att.
 Sjekk denne som eg tok frå vindaugskarmen og sette ned i eit rør med vatn.
 Det vanka gåve i år og. Dingsen hadde eg nesten gløymt at eg ønska meg.  No kan eg berre ta med meg denne på tur og lade I-pod og mobil rett i veggen.  Ein liten "overgang" avhengig av kva land ein reiser til, må også med, veit eg.
Her i huset nyttar det ikkje å prøve å snike seg unna fastelavnsbollar.  Vi fyller kveitebollar med jordbærsylte og krem og dryssar litt melis på toppen.

Eg håper at alle mødrer der ute har hatt ein fin dag!

2 kommentarer:

  1. Høyrest ut som ei fin morsdagsfeiring! :)

    SvarSlett
  2. Likte godt den dingsen ;)
    Ynskjer å takke for helsing frå deg.

    Oppskriftene du delar er eg så glad for!

    God ny veke :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...