onsdag 13. februar 2013

Katalogen er komen

 Det er i grunnen med boksal som det er med anna sal, det er sal heile året.  På ark.no er det kokeboksal eit par gonger i året, har eg oppdaga. Og eg er flink til å unne meg ei bok å bla i.  Blad har eg kutta ut å kjøpe.  Der var med andre ord ikkje så mange kokebøker eg ønska meg i årets katalog, ja kanskje sett vekk frå "Enklare brød" då.
 Medan kokebokutvalet var stort, synest eg det var relativt få hobbybøker.  Men hekleboka har eg lånt på biblioteket, og så er der ei strikkebok i same serie.  Ho glei også ned i "handlekurven" på ei nettside.
Om det er nokon av blogglesarane som ikkje har Gunda si kokebok Smalhans, som eg ofte har vist til, ja, så har de sjansen på eit kupp no.

6 kommentarer:

  1. "Smalhans" kjøpte eg av Gunda sjølv og fekk den signert-til full pris, men eg angrar ikkje. No er det ikkje så mykje matlaging her i huset, men nokre av oppskriftene har eg prøvd. Og dei var gode. Anbefalt.

    SvarSlett
  2. Takk for tipset om Gunda si bok, har tenkt eg skulle kjøpe den, så no må eg ta sjangsen.
    Eg var innom den eldste bokhandelen i dag og gjorde kupp på barnebøker som dei hadde lagt fram frå eige lager.
    Det blir høgtlesing for borneborna på hytta i vinterferien.

    SvarSlett
  3. Ungane her fekk alltid velje seg nokre bøker frå katalogen. Ein kan som regel finne gode faktabøker også.

    SvarSlett
  4. Boksalg må en ha med seg. Kan gjøre mange
    godt kjøp da. Bruker å fylle opp litt
    på gavelageret da. Samt at det som regel
    alltid blir med ei eller to til meg selv.
    Er nok veldig svak for bøker, både på salg
    og loppemarkeder.
    Ønsker deg en god valentinsdag :)

    SvarSlett
  5. Takk for det! Detr vart berre vaffelhjarte her.

    SvarSlett
  6. Mammut-katalogen gjev gode minne. Vi fekk alltid lov å ynskje oss bøker frå den, og så vart dei henta i ein diger pose (der var nok mange til ho mor og) hos Eiken når Mammutsalet opna.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...