Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift som kan brukast til ulike grønsaksupper.
2 små/1 stor løk
2 båtar kvitløk
1-2 ms olivenolje
300-400 g grønsaker (Her: 2 søtpoteter)
1 boks kikerter (eg brukte ca. 200 g kokte)
5 dl vatn
1 buljongterning
salt og pepar etter smak
Surr løk og kvitløk i olje før du har i resten av ingrediensane. Kok til grønsakene er møyre. Mos suppa med stavmiksar. Smak til. Ein kan også ha urter og/eller eplesider- eller balsamicoeddik i suppa. Ha i meir vatn eller litt mjølk dersom suppa vert for tjukk.
Noko steikt bacon hadde vore godt i, fekk eg høyre i dag.
Suppa kan sjølvsagt brukast til forrett eller til kveldsmat med godt brød til.
Du toler vel 2 skiver med makrell... Blei supa god? Eg har smakt søtpotet ein gong, det fall ikkje i smak, men kanskje det var tilberedinga det var noko i vegen med.
SvarSlettHM ... Eg legg ein heil boks oppå skiva - sidan det er middag. Suppa vart litt søt - og god vart den. Eg kan tenke meg at små born også vil like den. Fargen er fin!
SvarSlettJeg leser og leser... hvor kommer potetene inn her? :)
SvarSlettSorry hvis spørsmålet er dumt, men jeg forstår ikke...
Søtpotetene er grønsakene. Eg skal presisere over! Takk for spørsmålet! Ein ser ikkje alltid kva andre les...
SvarSlettahaaa:) Tusen takk!! Jeg elsker søtpoteter, så dette vil jeg prøve :)
SlettEg berre deler mine eksperiment...
Slett